Oppstart av Followme-nettverk i Agder

I vår har me starta eit Followme-nettverk i Agder, og interessa har vore så stor at me reknar med å ha to nettverk på plass frå hausten.

Oppstart av Followme-nettverk i Agder

Followme er nytt for mange, men det verkar som det samstundes har vore etterlengta. Så kva er eigentleg Followme?

Followme er eit nettverksbyggjande oppfølgingskonsept for unge frivillige i alderen 15-25 år (ungdomsleiarane). Det er kyrkjelydane som vert med i nettverket med sin ungdomsleiar-gjeng, og det viktigaste som skjer i ein followme-kyrkjelyd er å sjå ungdomsleiarane, og byggja fellesskap med dei - «se, samle, styrke».

I nettverket vil ungdommane også møte ungdomsleiarar frå andre kyrkjelydar. Dei ulike nettverka arrangerer nettverkssamlingar for ungdomsleiarane, som til dømes ein kickoff på hausten. I tillegg vert alle nettverka invitert til ein stor ungdomsleiar-konferanse på sommaren. Alle arrangement i nettverket vert utvikla i samspel med ungdommane sjølv, som vil få oppleve eit godt og stort fellesskap med kvarandre, og med dei som jobbar med ungdom.

Followme starta med utgangspunkt i kyrkjelydar i Stavanger, og vart etter kvart ein eigen organisasjon. Men frå hausten 2021 fusjonerte dei med NMSU, og er no eit konsept som NMSU tilbyr til kyrkjelydar som har unge leiarar dei ynskjer å følgje opp i eit større nettverk.

I tillegg til oppfølging av ungdomsleiarane, så vert også dei som jobbar med ungdom samla til nettverkssamlingar. Eit nettverk består av rundt 10 kyrkjelydar, og desse vert invitert av nettverksleiar til leiarsamlingar ca. ein gong i månaden. I det fyrste nettverket i Agder er vi no 10 kyrkjelydar frå fleire prosti. Fleire er på veg inn, og me håper å starte fleire nettverk ila. kort tid.

Er det fleire frå vårt bispedømme som er interessert i å høyre meir, eller å bli med ei eit nettverk, så ta kontakt med Margot Tangen på bispedømmekontoret.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"