– Den viktigaste oppgåva til biskopen, slik eg ser det, er å hjelpa menneske til tru på Gud og til å leva som disiplar av Jesus midt i verda slik den er i dag med alle dei utfordringane det medfører. Dette er ikkje det enklaste livet, men det beste, seier Halvor Nordhaug.
Visjonen for biskopen og bispedømet er «Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd». Denne visjonen presenterer biskopen gjerne med utgangspunkt i eit av verdas mest kjende ikon, Treeininga av Rublev. Sjå lenke nederst på sida til Ikonet og biskopen si forklaring.
Nedanfor er det lenker til nokre av Halvor sine ytringar - visitasføredrag og ein del talar/preiker frå tida hans som biskop i Bjørgvin.