Nei til søndagsopne butikkar

Biskop Halvor Nordhaug meiner at den felles kviledagen er noko av det som gjer ei samling individ til eit samfunn der ein har funne saman på eit grunnlag prega av skikkar, verdiar og tradisjonar. Eit samfunn er mykje meir enn ei tilfeldig samling individ med felles valuta og lovverk, skriv han i dette innlegget som har blitt trykt i fleire aviser januar 2015.

Biskop Halvor Nordhaug meiner at søndag utan søndagsro, men med opne butikkar og søndagsturar til kjøpesenter, ikkje lenger er den søndagen vi kjenner.

Regjeringa med kulturminister Widvey i spissen vil ha søndagopne butikkar. På nettsidene til vg.no. argumenterer ho slik for dette: "Vi har alle behov for hviledager, men det er ikke slik at vi trenger å hvile på den samme dagen alle sammen. Hvorfor skal det offentlige bestemme når vi skal hvile oss?"

Widvey høyrest her ut som eit ekko av Margaret Thatcher og hennar berømte ord: «There is no such thing as society». Vår kulturminister vil at kviledagen ikkje lenger skal vere ei fellessak, men eit individuelt prosjekt. Her ser vi korleis partiet Høgre er blitt stadig meir liberalistisk og mindre konservativt. Konservativ politikk vil vidareføre viktige tradisjonar og ordningar som synleggjer fellesskapet sine varige verdiar og røter. Liberalismen er derimot primært grunnlagt på å ta vare på fridomen til enkeltmennesket, og på å byggje ned alle ordningar som hindrar individet sin frie vandel og ikkje minst handel.

Det forundrar at ein kulturminister har eit så lågt medvit om søndagens plass i kulturen vår. Søndagen er på kristen mark både «heilagdag» og «kviledag», reservert til gudsdyrking og rekreasjon. Den felles kviledagen er noko av det som gjer ei samling individ til eit samfunn der ein har funne saman på eit grunnlag prega av skikkar, verdiar og tradisjonar. Eit samfunn er mykje meir enn ei tilfeldig samling individ med felles valuta og lovverk.

På tvers av alt som elles skil oss bør det vere mogeleg å sjå verdien av ein annleis vekedag der samfunnet ikkje berre opnar for, men også inviterer til kvile og ettertanke og ei form for livskvalitet som kan vere vanskeleg å finne når både ein sjølv og andre går for full maskin. Kvaliteten på ein slik kviledag er avhengig av dens kollektive karakter, noko som hos oss er historisk og kulturelt forankra i tanken om søndagen som heilagdag. Det blir ein annleis, gråare og meir slitsam kviledag dersom den blir eit individuelt prosjekt utan noka form for hjelp frå det store fellesskapet. Søndag utan søndagsro, men med opne butikkar og søndagsturar til kjøpesenter, er ikkje lenger den søndagen vi kjenner.

Venstre si kompromissløysing med å la kommunane fastsetje er heller ingen farbar veg. Så lenge ein kommune tillèt søndagopne butikkar, vil det bli svært vanskeleg for nabokommunane å halde igjen pga. frykt for handelslekkasje. Venstre sitt forslag kan likevel bli det regjeringa landar på til slutt for å få fleirtal i Stortinget, og dette vil gjere søndagopne butikkar til ei viktig kampsak fram mot kommunevalet.

Dagens ordning der nokre få butikkar held ope, kan gjerne gjerast betre. «Brustadbua» kallar på smilet hos mange, men det er eit kompromiss til å leve med. At hagesenter på søndagar kan selje varer som andre butikkar ikkje får omsetje same dag, verkar derimot grunnlaust og uheldig og fungerer som eit påskot til å rive alle demningar rundt søndagsfreden. Her kan gjerne spelereglane endrast.

Frå kyrkja si side kan eg love massiv motstand mot regjeringa sitt forslag i denne saka. Saman med andre aktørar innan fagrørsla, handelen og miljørørsla vil vi gjere det vi kan for at den planlagde reforma blir skrinlagd.

Halvor Nordhaug

Biskop i Bjørgvin

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"