Åsrapport Bjørgvin 2016

Det er mykje godt arbeid i kyrkja i Bjørgvin, både knytt til gudstenester, kyrkjelydsbyggjande arbeid og i møte med folk i ulike livsepokar. Årsrapporten for Bjørgvin går inn på ulike nøkkeltal for kyrkjelydane og gjev ei nyansert framstilling av både gudstenestebesøk, dåp, trusopplæring og medlemstal.

Tre mellomalder-skulpturar frå Gjerstad kyrkje på Osterøy, eit krusifiks og to kvinnelege helgenskulpturar, pregar framsida til årsrapporten for 2016. Som den gongen, er kyrkja i Bjørgvin også no ein møtestad mellom Gud og menneske. Foto:NIKU

Sentrale nøkkeltal viser at det er færre gudstenester, bl.a. på grunn av meir krevjande økonomi og at det i snitt er meir enn 95 deltakarar på sundagsgudstenestene. Færre går trufast, fleire går innimellom.

Ein eigen artikkel tek føre seg trendane i medlemsskap. Den viser at det har vore ein reduksjon i medlemer i den alderen då ein får born, noko som påverkar talet på døypte. Samstundes er det veldig mange som blir konfirmert. 

På kulturtilbod og i trusopplæringa er det auke i tala, eller relativt stabile tal.

Årsrapporten vil vera grunnlag for den årlege styringssamtalen mellom Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjerådet. Tala i årsrapporten er henta inn frå kyrkjelydane via prostane og Statistisk sentralbyrå. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"