Årsrapport 2017 - Kyrkja satsar på kvalitet

Årsrapporten for Bjørgvin bispedøme 2017 viser at kyrkja spelar ei aktiv rolle i dei mange lokalsamfunna som utgjer bygdene og byane i Sogn og Fjordane og Hordaland. I det første året som ei sjølvstendig kyrkje utanfor staten, satsar kyrkja på kvalitet i møte med sine om lag 480 000 medlemer i Bjørgvin.

Prestane i dei 182 sokna i bispedømet har bispedømerådet som arbeidsgjevar. Trass i reduserte økonomiske ressursar, klarer ein å halda oppe eit høgt tal på gudstenester. Snittet på frammøte på ei sundagsgudsteneste er 92,4 deltakarar, store og små sokn sett under eitt. Dermed held trenden med litt færre i snitt til gudsteneste fram. – Det er tydeleg at det må leggjast inn meir innsats for å samle folk no enn tidlegare, både til kyrkjelege og andre tilbod i samfunnet, seier biskop Halvor Nordhaug. – Difor arbeider vi langsiktig med kvalitet i alle vår møte med medlemene. Det er tema som skal prega vår vidareutdannig, våre kurs, samlingar og vår kontakt med kyrkjelydane, seier biskopen.

Kvardagskyrkja

Lyset står i mange kyrkjer på dei fleste dagane i veka fordi det er stor aktivitet der. Babyar og foreldre på babysang, born, unge, vaksne og eldre samlast til kor, klubbar, kulturkveldar og konsertar. Talet på kulturarrangement og konsertar er i vekst.

Tala på døypte i høve til kor mange som har foreldre som er medlemer av kyrkja, held seg nokså stabilt, med ein liten auke dei siste åra. Av alle tilhøyrande kyrkja som var eitt år gamle i 2017, var 80,4 prosent døypte. Dei døypte skal ha opplæring, og 34545 born og unge var samla til trusopplæring i kyrkjelydane i Bjørgvin i løpet av 2017.

Konfirmanttala har alltid vore høge i Bjørgvin, men her ser vi no ein nedgang. Likevel blir nesten 9 av 10 av dei døypte 15-åringane konfirmert (89 prosent).

– Vi følgjer med på utviklinga og har tru på at arbeid med kvalitet i alle møte mellom kyrkja og medlemene er viktig. Dette legg vi vekt på i samtalane med våre mange gode medarbeidarar rundt om i bispedømet, seier biskopen.

Reformasjonsåret Reformasjonsbyen Bergen har vore ein vesentleg del av Bjørgvin bispedøme si markering av  jubileumsåret for reformasjonen i 2017. Det blei ei storstilt feiring med lokalt, nasjonalt og internasjonalt preg. Folkefesten var prega av det folkelege og faglege, av humor og alvor. Målet var både å synleggjere spor av reformasjonen i samfunnet, feire dei gode fruktene av reformasjonen og å gje impulsar til debatt om våre samfunnsverdiar. Ny tese kvar veke på tårnet til Johanneskirken sette sitt preg på eit viktig byrom i Bergen. Også rundt om i kyrkjelydane i heile bispedømet var det ulike kulturarrangement, temagudstenester og andre markeringar av 500-årsminnet etter Martin Luther sine teser.

Vegen vidare

Bjørgvin bispedømeråd har nyleg peika ut ein strategi for arbeidet sitt fram mot 2020 med vekt på fellesskap.  Gudstenesta med fellesskapet rundt den vil framleis vera sentral, og ein ønskjer ei vidare satsing på å vera relevant for ungdom. Kyrkja sitt «kroppsspråk», diakonien, er også eit viktig tema ein vil setja lys på.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"