Korleis har forholdet mellom kyrkja og kulturen vore, og korleis er det i dag? Kva kan kyrkja gjere for kulturen? Treng kulturen noko å tru på? Kva kulturelle uttrykk kan kyrkja romme?
Desse og andre spørsmål blir drøfta når biskop Halvor Nordhaug møter artist Herborg Kråkevik til samtale.
"På trua laus" er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar.
Fast moderator er Håvard Nyhus, mellom anna kommentator i Bergens Tidende og Vårt Land.
Bill. 85/55,– (stud.) Det lønar seg å kjøpa billettar på førehand for å vera sikra plass og for å sleppa å stå i lang billettkø ved inngangen. For billetar: Sjå link nedst på sida.
Arrangør: Bjørgvin bispedømme i samarbeid med Litteraturhuset. Serien er støtta av Stiftelsen Fritt Ord.