Korleis kan ein setja ord på Gud? Det var tema i samtalen "På trua laus" på Litteraturhuset i Bergen 14. oktober . Mariakirkens alterbilete var også tema i løpet av samtalen. Sjå foto av dette nedst på sida. Samtalen kan du no oppleva på nytt som lydopptak.
Lydopptaket er gjort av Litteraturhuset i Bergen, som også har lagt opptaket ut i sin podcast-serie.
"På trua laus" er ein møteserie der biskopen ønskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsetje den for spørsmål, kritikk og forsvar. I løpet av ti samtalar vil han møte tvilarar, truande, ateistar og alt i mellom. Fast moderator er Håvard Nyhus, mellom anna kommentator i Bergens Tidende og Vårt Land. Serien er støtta av Stiftelsen Fritt Ord.
Neste møte i serien blir 19. november. Då kjem redaktør Vebjørn Selbekk. Tema :"Er det håp for Den norske kirke?"