Samling om høyring om ny lov for trus- og livssynssamfunn

Bjørgvin bispedømeråd inviterer medlemer i sokneråd og fellesråd til samling knytt til høyring om ny lov for trus- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven). Samlinga tek til på Terminus hall, måndag 20. november kl. 18:00. Målgruppa er alle som skal handsame høyringa – for å gje mest mogeleg kunnskap før ein uttalar seg.

Kulturdepartementet si høyring om ny lov for trus- og livssynssamfunn har frist 31.12.17

Velkomen til samling med informasjon om ny lov for trus- og livssynsamfunn!

Lova vil samle all lovgivning knytt til trus- og livssynsamfunn og dei tilknytta ordningane for tilskot, altså vil den òg erstatte kyrkjelova. Høyringa er omfattande og reiser viktige spørsmål. På samlinga skal difor ulike innleiarar setje lys på viktige sider ved denne høyringa som Kulturdepartementet har sendt ut.

Proster, prestar og kyrkjeverger er også velkomen til å delta. Målgruppa er alle som skal handsame høyringa – for å gje mest mogeleg kunnskap før ein uttalar seg.

Tid: 20. november kl. 18:00 - 21:15
Sted: Grand Hotell Terminus (Terminus hall), Bergen

Det vert enkel servering i forkant (kaffe/te og frukt)

Fri entré

Påmelding innan 17. november kl. 12.00

Innleiarar:
Jørn Hagen v/ Kulturdepartementet
Ole Inge Bekkelund v/ Kirkerådet
Øystein Dahle v/ Kirkelig arbeidsgiverorganisasjon (KA)
Magne Lerø v/ Ukeavisen ledelse

Program for samlinga:
18:00 Innleiing v/ stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit
18.10 Gjennomgang av høyringa v/ fagdirektør Jørn Hagen
19:10 Pause
19:20 Utfordringar og moglegheiter frå KA sitt perspektiv v/ Øystein Dahle
          Med særleg vekt på forhaldet til finansiering, kyrkjebygg og likebehandling
19:40 Utfordringar og moglegheiter sett frå "utsida" v/ Magne Lerø
          Med særleg vekt på organisering, finansiering og likebehandling
20:00 Respons og spørsmål
20:20 Pause
20:30 Delar ein bør ha eit blikk på v/ Ole Inge Bekkelund
          Ulike problemstillingar i deler av høyringa
21:00 Avslutning

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"