Bøn i ei uroleg tid

Biskop Ragnhild har sendt ut ei bøn i ei uroleg tid til kyrkjelydane i Bjørgvin. Bøna er også skriven inn i fastetida. Nedst i artikkelen finn du lenke til bøna på både nynorsk og bokmål.

Biskopen har skrive bøn i ei uroleg tid. Foto: Rett Vest AS

Miskunnsame Gud, vi kjem fram for deg med vår uro og våre bøner. 

Verda er ikkje slik vi trudde vi kjente den. Så mykje omkring oss er endra, 

vi kjenner oss rådlause i møte med morgondagen.

Ta i mot våre bøner for alle som er redde, 

både dei som er nær oss og dei som er langt borte.

Vi bed om mot til å stå i mot uretten, om kraft til å kjempe for dei som lid, 

om klårsyn i møte med krefter som vil øydeleggje.

 

Allmektige Gud, vi bed for dei som har leiaransvar i verda. 

For presidentar, statsministrar, politikarar og diplomatar. 

For dei som skal ta avgjerder som får følgjer for land, for naboskap, for einskildmenneske. 

Vi bed om at ikkje makt og hevn skal vere det som bestemmer våre handlingar, 

men at vilje til fred og rettferd må vere styrande.

Vi bed om at krigens redslar må ta slutt. Og om at dei som er råka av krig og urett ikkje må miste motet, men at dei kan ha tru på ein framtid der ein rettferdig fred skal råde.

 

Gud, velsign vår fastetid og hjelp oss til å bli minna om din kjærleiks veg - midt i livet.

Fri oss frå å vere opptekne av oss sjølve, 

så vi i staden ser deg og din kjærleik midt i blant oss 

og ser våre medmenneseks trong for denne kjærleiken - gjennom oss.

 

Du som er Livets brød for kvar og ein av oss, lat oss bli livets brød for kvarandre.

Hjelp oss å ikkje flykte frå smerten, men gje mot til å bli verande i den, 

både andres smerte og vår eigen 

så vi kan ane korleis krossen og kjærleiken høyrer saman. 

 

Gud, vis oss korleis Kristi kross rører ved våre liv 

og kan bli den grunnen vi byggjer livet vårt på. 

 

Amen. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"