Søk OVF-midlar

Det er tid for å søkje om midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF). Søknadsfristen for å få støtte til prosjekt i 2020 er 1. desember 2019. Ein kan også søkja om midlar til arbeid med vennskapskyrkjelydar.

Med midlar frå OVF har Bremnes sokn og brannkorpset på Bømlo bidratt med både utstyr og samarbeid med brannkorpset i Cochabamba i Bolivia og ein kyrkjelyd der. Brannmann Bjørn Kjetil Ljosdal (t.v.) overleverer ein takkeplakett til Bjørgvin bispedøme ved diakonirådgjevar Vetle Karlsen Eide i høve ein prostidag om diakoni i Sunnhordland prosti 24. oktober.

Midlane skal nyttast til kyrkjelege formål med særlig vekt på tiltak i kyrkjelydane og felles kyrkjelege tiltak. Dei skal i hovudsak nyttast innanfor Kyrkjemøtet sine satsingsområde, jfr vedtak på Kyrkjemøtet 2019. Prosjekta kan vara frå eitt til tre år.

Gjeldande satsingsområde

1 - Gudstenestelivet blomstrar.
2 - Fleire søkjer dåp og trusopplæring.
3 - Kunst- og kulturuttrykk er ein del av kyrkja sitt liv.
4 - Kyrkja engasjerer seg i samfunnet.
5 - Fleire finn sin plass i kyrkjeleg arbeid.
6 - Kyrkja skaper trygge rom.
7 - Kyrkja har ein demokratisk og velfungerande organisasjon.

Det er bispedømerådet som tildeler midlar. Bispedømerådet har høve til å prioritera dei tiltaka som er i samsvar med bispedømet sine strategiar, som for 2018-2020 er:

  • Gudsteneste – fellesskap og forkynning
  • Ungdom – vekst i trua
  • Diakoni – rekrutterande fellesskap

Prosjekt som rettar seg mot leiartrening for ungdom vil verte prioriterte. Søknader med nyskapande tiltak knytt til trusopplæring vil og kunne bli prioriterte, då dei kan tildelast frå ”unytta trusopplæringsmidlar”.

Uavhengig av innhald, vil søknader med samarbeid mellom fleire kyrkjelydar bli prioritert. Dei siste åra har bispedømerådet prioritert slik at mange små prosjekt har fått omlag 15 000 - 35 000 kr. Nokre få, større prosjekt har fått meir. Sjølv om snittsummen ikkje er så stor, er det viktig med noko eigenfinansiering (som kan vere både kommunale eller private midlar/sponsorar eller gjevarteneste).

Søk på nytt om de har eit pågåande prosjekt

Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen. Desse må senda søknad kvart år.

Hugs fristen 1.desember 2019 - søknaden skal sendast på søknadsskjema til Bjørgvin bispedømeråd på epost til bjoergvin.bdr@kyrkja.no.

Søknadsskjema finn du nedst på denne sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"