Regionalt arbeidsmiljøutval i Bjørgvin bispedøme

Regionalt arbeidsmiljøutval (RAMU) i Bjørgvin bispedøme skal vera eit effektivt samarbeidsorgan og pådrivar for arbeidsmiljøet til beste for kyrkja og dei tilsette.

Arbeidsgjevar er ansvarleg for at krava til helse, miljø og tryggleik er ivaretekne på arbeidsplassen. Sjå arbeidsmiljølova (aml.) §§ 2-1 og 3-1, samt kyrkjelova (kl.) § 14.

Arbeidsmulijøutvalet (AMU) for rettssubjektet Den norske kyrkja (rDNK) vedtok i møte 03.04.17 sak 5/2017 organisering av vernearbeidet i rDNK. Organiseringa er tredelt.

Alle tilsette i heile verksemda utgjer eit felles område og har eit sentralt arbeidsmiljøutval (AMU) og eit sentralt hovudverneombod.

Innanfor kvart bispedøme er det så nedset eit regionalt arbeidsmiljøutval (RAMU) og kvart bispedøme har sitt eige regionale hovudverneombod for alle tilsette. RAMU bør bestå av tre representantar utpeikt av arbeidsgjevar, ein tillitsvalt frå prestetenesta, ein tillitsvalt frå dei kontoransatte, samt hovudverneombod.

Innanfor kvart prosti og for bispedømekontoret er det til slutt utpeikt eit lokalt verneombod som forheld seg til arbeidsgjevar ved prost/stiftsdirektør.

Regionalt arbeidsmiljøutval i Bjørgvin bispedøme:
Marit Isaksen Espedalen (hovudverneombod)
Sverre Johan Nærheim (verneombod v/bispedømekontoret)
Aage Mjeldheim (Presteforeningen)
Ragnhild Jepsen (biskop)
Therese Nesse Mokkelbost (HR-sjef)
Jan Ove Fjelltveit (stiftsdirektør) 


 For meir informasjon om arbeidet med HMT i Bjørgvin, sjå HMT-handboka.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"