Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Seksuelle overgrep

Overgrep skjer, men skal ikkje skje...

Det er nulltoleranse for seksuelle krenkingar i Den norske kyrkja.

Bjørgvin bispedøme arbeider difor stadig med å forhindre at slike handlingar skjer hos oss. Om eit overgrep er skjer, har vi rutiner for å avdekke og melde ifrå.

Har du eller nokon du veit om opplevd seksuelle overgrep eller grensekrenkingar frå ein ansatt eller frivilleg medarbeidar i kyrkjeleg samanheng? Den norske kyrkja har etablert ei beredskapsordning med personar ein kan henvende seg til om ein ønskjer hjelp til avklaring og eventuelt til å formidle kva ein har opplevd.

Bjørgvin bispedøme har to kontaktpersonar ein kan kontakte om ein har vore utsett for grensekrenkingar eller seksuelle overgrep:

Tone Sævi (Hordaland): Mobil 926 88 116 E-post
Anne Stubdal (Sogn og Fjordane): Mobil 416 75 553 E-post

Kontaktpersonane kan kontaktast anonymt, dei arbeider uavhengig og går ikkje vidare med opplysingane før ein eventuelt er einige om å gjere det.

Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep har også god kompetanse på overgrepsproblematikk. Dette er ein møte- og samtalestad for kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep eller grensekrenkingar. I tillegg er dette ein kompetansestad for Den norske kyrkja.

Kontakt Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep:

Telefon: 23 22 79 30
Mobil: 474 69 724
SMS: 474 64 616 ADAM (tilbod for menn)
E-post: post@kirkensressurssenter.no

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30