Synleg og nær kyrkje i 2020

Kyrkja i Bjørgvin har vist stor omstillingsevne gjennom eit utfordrande år. Årsrapporten for 2020 viser at «kyrkjeskipet» måtte snu seg raskt, og i si innleiing til rapporten skriv biskopen og bispedømerådsleiaren at kyrkjelege medarbeidarar har vist stor evne til omstilling, kreativitet og stå på-vilje for å vera ei nær og open kyrkje for medlemene sine.

Digitale løysingar prega kyrkja i 2020. Her held biskopen og sokneprest Signe Sandberg andakt i Mariakirken. Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Avlysing av gudstenester har vore krevjande, både for tilsette og kyrkjelyd. Tal på kor mange ein kunne samla har skifta fort. Kyrkja har vore nær på andre måtar – ved å ha kontakt med enkeltpersonar, opna for vandringar, utesamlingar, «køyr innom-gudstenester», bålpannetreff og ei rekkje andre smittesikre tiltak. 

Trass i store og nødvendige restriksjonar, har kyrkjene kunna tilby dåp, gjerne i eigne dåpsgudstenester, tilpassa konfirmasjonsgudstenester og gravferd gjennom heile året. Oppslutninga om desse kyrkjelege handlingane er stort sett på same nivå som i fjor, men med ein tydeleg nedgang i bryllup som i mange tilfelle har vorte utsette.

Kyrkjelydane har hatt kontakt med mange på telefon, og talet på sjelesorgsamtalar har gått opp, særleg dei fyrste månadane. Det har òg vore stor vilje til å ha fleire gudstenester kvar sundag i dei periodane ein berre har kunna samla få om gongen. 

Når folk der dei er

Kyrkja har blitt digital for å nå folk der dei er. Meir enn seks av 10 kyrkjelydar har teke i bruk nye digitale kanalar i 2020 så folk kunne delta på mobiltelefon eller pc. Det har blitt laga digitale tilbod med stor variasjon i verkemiddel, frå det enkle og nære til kreative gudstenester, andakter og bibeltimar og aktivitet i sosiale medium. Nokre er blitt sett av svært mange, og har fått mange følgjarar.

Tilgjengeleg for fleire

Kyrkja har erfart at når gudstenester og seremoniar blir sendt på nettet, opnar det for deltaking for dei som av ulike grunnar ikkje kan vera til stades, anten det er psykiske eller fysiske årsaker.

Dei mange samlingane gjennom heile veka for alle aldersgrupper med babysang, kor, klubbar, trusopplæring, eldretreff, temakveldar, konsertar osv, har vore sterkt råka av pandemien. Noko av dette har ein kunna bøta på, men både tilsette og medlemer ser fram til å kunna møtast igjen.

Stort digitalt frammøte

Medan talet og oppmøtet på fysiske gudstenester har gått ned under pandemien, viser tal frå Statistisk sentralbyrå at det vart rapportert 336 strøyma gudstenester i Bjørgvin med 178 524 brukarar som såg minst 85% av sendinga. Dersom ein føreset at det berre var ein deltakar per elektronisk eining vert gjennomsnittet 531 deltakarar per gudsteneste. Tal frå to undersøkingar gjennomført for Den norske kyrkja av Rambøll,  viser endå høgare deltaking, 502 digitale gudstenester med 342 566 deltakarar gjev eit gjennomsnitt på 682 pr. sending.

Kyrkja lukka ikkje dørene under pandemien. Trass i avlysing av gudstenester, var det i 2020 fleire kyrkjer enn tidlegare som heldt ope for dei som vil komma inn, tenna ljos og evt. høyra på musikk og i nokon tilfelle få nattverd. Talet på sokn med opne kyrkjer auka frå 67 til 83.

Sjå årsrapporten for Bjørgvin bispedøme i lenke nedst på sida.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"