Bispedømerådet tilsette to prestar

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 26. oktober sokneprest i Knarvik og kapellan i Slettebakken.

Cathrine Grutle er tilsett og har takka ja til stillinga som sokneprest i Nordhordland prosti med Knarvik sokn som tenestestad.

Ida Maria Heggelund er tilsett og har takka ja til stillinga som kapellan i Bergensdalen prosti med Slettebakken sokn som tenestestad. Ho fekk også tilbod om stillinga som prostiprest i Åsane med Arna sokn som tenestestad. Denne stillinga vil bli lyst ut på nytt.

Endra soknegrense i indre Hardanger

Grensa mellom Eidfjord sokn og Kinsarvik sokn blir enda slik at gnr 229 i Ullensvang kommune blir ein del av Eidfjord sokn frå 01.01.2022. Grensa mellom sokna vil følgja den nye kommunegrensa som er vedteken frå same dato.

Møteplan for bispedømerådet i 2022

Det blir møte i bispedømerådet følgjande datoar:
23. februar
15. mars
20. april
10. juni
13. september
21.-26. september - Kyrkjemøte
26. oktober
18. november
13. desember

Støtte til statue av Rosemarie Köhn

Bjørgvin bispedømmeråd gjev 50.000 kroner i støtte til å reise ei statue av Rosemarie Köhn, den første kvinnelege biskopen i Noreg. Statua skal stå på Hamar.

Høringssvar Kyrkjeleg organisering

Bispedømerådet gav administrasjonen fullmakt til å skrive ferdig høyringssvar om ny kyrkjeleg organisering ut frå dei signala som kom fram i møtet, saka vert handsama i nytt møte 18.11

Sakliste

59/21 Saksliste Bjørgvin bispedømeråd 26.10.2021

60/21 Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 14.09.2021

61/21 Endra soknegrense mellom Eidfjord sokn og Kinsarvik sokn

62/21 Bjørgvin bispedømeråd - Datoplan 2022

63/21 Bjørgvin bispedømeråd - støtte til statue av Rose Marie Køhn

64/21 Bjørgvin bispedømeråd - Høringssvar Kyrkjeleg organisering

65/21 Tilsetting - Kapellan i Bergensdalen prosti, Slettebakken sokn som tenestestad

66/21 Tilsetting - Prostiprest i Åsane prosti, Arna sokn som tenestestad

67/21 Tilsetting - Sokneprest i Nordhordland prosti, Knarvik sokn som tenestestad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"