Appellar frå bispekandidatane

Dei seks bispekandidatane har fått høve til å koma med ein kort appell til dei som skal stemma på ny biskop. Videoane kan du sjå her.

Frå presentasjonen av bispekandidatane 6. desember

Kvar kandidat fekk omlag eitt minutt til å koma med ein appell. I tillegg er det viktig at ein les kandidatane sine svar på 10 spørsmål og ser på den to timar lange sendinga med presentasjon før ein stemmer.

Video med appellar (foto og regi: Kyrkjerådet)

Opptak av presentasjon og samtale med alle kandidatane

Presentasjon av kvar kandidat med og videoappell og skriftleg svar på 10 spørsmål finn du ved å trykka på boksane i ulike blåtonar nedanfor.

Frist for å stemma er 5. januar. Dei som har stemmerett er alle sokneråd, Ungdomsrådet, prestar, vigsla kateketar, diakonar og kantorar i ordna kyrkjeleg stilling i Bjørgvin bispedøme. I tillegg har òg andre utanfor Bjørgvin bispedøme stemmerett i den rådgivande avstemminga: prostane i resten av bispedøma, representantar frå dei teologiske utdanningsinstitusjonane med tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet og leiarane av dei praktisk-teologiske utdanningane ved desse institusjonane, i tillegg til representantar frå Ungdommens kyrkjemøte med tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet.

Kven av dei tre kandidatane som går vidare, vil bli offentleggjort den 6. januar, truleg rundt kl. 13.00. Det er kyrkjerådet som har ansvar for gjennomføringa av bispevalet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"