Årsrapport 2018 for Bjørgvin bispedøme

Årsrapporten for Bjørgvin bispedøme viser stor aktivitet i kyrkjene i Hordaland og Sogn og Fjordane. Bispedømet satsar på kvalitet, men det er vanskelegare å måla enn tal på oppmøte. Det vi har av tal, viser mellom anna fleire gudstenester, litt lågare oppmøte i snitt, men også auka oppmøte i omlag halvparten av kyrkjene.

Bjørgvin bispedøme 950 år. Frå Seljumannamesse og jubileumsgudsteneste på Selja, 8. juli 2018. Foto: Magnus Skrede

Eit samla oversyn over aktivitetane i dei 182 sokna i bispedømet, viser blant anna:

  • 75.3 % av innbyggjarane er medlemer og tilhøyrande
  • Talet på gudstenester er 8374, ein oppgang på 141 frå i 2017
  • Om lag halvparten av kyrkjelydane opplevde auka oppslutning om gudstenestene
  • Gjennomsnitt deltaking på vanlege søndagsgudstenester er på 91 personar, ein nedgang på 1,6 personar
  • Færre giftar seg i landet vårt, det gjeld også i kyrkja, men nedangen i kyrkjelege viglser er mindre enn nedgangen i vigsler totalt
  • 9 av 10 døde får kyrkjeleg gravferd
  • 79,4 prosent av 1-åringane som er born av kyrkja sine medlemer, er døypte, dette er ein nedgang på 1 prosentpoeng
  • Omfanget av trusopplæring aukar, men oppslutninga går ned frå 49 % til 48%
  • Oppslutninga om konfirmasjon er høg i bispedømet. I 2018 vart 90 % av døypte 15-åringar konfirmert i kyrkja, ein oppgang på eitt prosentpoeng frå året før.
  • Diakonien, «kyrkja sitt kroppsspråk» er vanskeleg å måla i tal, men vi ser bl.a. at talet på diakoniplanar og talet på «grøne» kyrkjelydar aukar.
  • Rekruttering av nye tilsette er krevjande. Bjørgvin bispedøme vil satsa på å støtta ungdomsarbeid – det er eit grunnlag for både liv i kyrkja og rekruttering.

Auke i gudstenestebesøk i 49% av kyrkjelydane

89 av 182 sokn hadde auka oppslutning om gudstenestene frå 2017 til 2018. – Når vi går inn i statistikken og ser på dei einskilde sokna er det vanskeleg å finna sikre fellestrekk. Det er flest små sokn og fleire av dei har fått ny prest. Ein kan dra den konklusjonen at periodar med vakansar og vikarar går ut over gudstenestebesøket og at fornyinga som kjem med ein ny prest gjer at ein kanskje når fleire. Det er også slik at i små sokn gjer konfirmantkullet og talet på dåp og særskilte hendingar som jubileum eit større prosentvis utslag enn i store kyrkjelydar. Men det er også by-kyrkjelydar som opplever auka deltaking og som vi veit har gjort ein innsats t.d. ved at dei har program for kyrkjelydsutvikling, heiter det i årsrapporten til Bjørgvin bispedøme.

I møte med eit endra samfunn

– Vi har tru på dei gode møta og dei små skritta som samla skaper endring, skriv biskop Halvor Nordhaug og bispedømerådsleiar Inger Helene T. Nordeide i årsrapporten. – Det har vore arbeidd systematisk med å auke kvaliteten i alle ledd, både inn mot gudstenester, trusopplæring, kultur og diakoni. Dette har òg gitt gode ringverknader inn mot arbeidsmiljøet, slik det er målt i presteskapet. Vi har tru på at dette lagar gode forteljingar omkring ulike tiltak og om kyrkja i det heile. Det er samstundes naudsynt å sjå at på nokre område trengs det meir drastiske tiltak. Det er for få som torer å tenkje radikalt nytt, omprioritere ressursar og sjå radikalt på arbeidsmetodane sine. Bjørgvin bispedøme har difor tatt nokre grep for styrke og bygge innovasjonskompetanse. Særleg gjeld dette områda rekruttering og ungdomsarbeid. Her har bispedømet valt å ta ei aktiv rolle, ved å prioritera ressursar og ta risiko, heiter det i årsrapporten.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"