Ny prost i Åsane

Bjørgvin bispedømeråd tilsette på sitt møte 12. mars Leif Endre Grutle som prost i Åsane.

Det er tilsett ny prost i Åsane prosti, her representert ved Åsane kirke (foto Jan M. Lillebø) og Bruvik kyrkje på Osterøy (foto: Jens Z. Meyer)

Den nytilsette prosten har åtte dagar på seg til å svare på tilbodet om stillinga. Grutle er i dag prost i Indre Nordmøre prosti.

Bispedømerådet hadde eit kort, digitalt møte, der dei elles gjorde følgjande vedtak:

Kven skal godkjenna sal eller riving av kyrkjebygg

Kyrkjelova vart frå 1. januar 2021 historie og avløyst av kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Nytt regelverk for godkjenning av endring på verneverdige kyrkjer, har medført at delar av kyrkjeordninga må justerast. I svar på ei høyring om dette, går Bjørgvin bispedømeråd inn for at det er biskopen som skal gjera vedtak i saker knytt til avhending eller riving av kyrkjer, og at Kyrkjerådet skal vera klageorgan.

Bjørgvin kirkelige fond

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande tre styremedlemer i Bjørgvin Kirkelige Fond fram til mars 2023:

Ola Honningdal Grytten, Asgeir Magne Remø og Francine Mbanza Jensen.

Sakliste

12/21 Saksliste Bjørgvin bispedømeråd

13/21 Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 02.02.2021

14/21 Bjørgvin bispedømeråd - Oppnening styremedlem Bjørgvin Kirkelige Fond 2021-2023 

15/21 Høyring - Endring i kyrkjeordninga som følgje av ny kyrkjebyggforskrift 

Orienteringssaker
16/21 Visitasrapport ved bispevisitas i Skjold 26. - 27. og 30. august 2020

17/21 Høring om ordning for fortsatt tilsetting etter fylte 70 år

Tilsettingssaker
18/21 Tilsetting - Prost i Åsane prosti 

Lenke til protokoll frå møtet nedst på sida

 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"