Bispedømerådet om samarbeid med kvinnelege prestar, samlivsform, kyrkjeval og vern av kyrkjer

Bjørgvin bispedømeråd vil ikkje henta inn opplysningar om samlivsform når dei intervjuar søkjarar til prestestillingar. Rådet vil ikkje utan vilkår om samarbeid tilsetja prestar som ikkje godtek kvinneleg presteteneste. I møte 13. november drøfta dei også kva type lister ein bør ha ved neste kyrkjeval og i ei høyring uttrykte bispedømerådet uro for vernet av kyrkjebygg og deira omgjevnader i framtida.

Spør ikkje om samliv

Bjørgvin bispedømeråd vil ikkje lenger hente inn opplysingar om søkjarar si samlivsform og vil fjerne denne setninga frå sine utlysingstekstar. Bispedømerådet har tidlegare hatt høve til å spørja om dette når dei intervjuar søkjarar til prestestillingar.

Kvinners presteteneste

Etter mykje debatt den siste tida om tilhøvet mellom kvinnelege prestar og prestar som meiner at kvinner ikkje kan ha denne tenesta, gjorde Bjørgvin bispedømeråd vedak om at dei legg Bispemøtets vedtak om ordinasjon og kollegafellesskap (Sak BM 59/20) til grunn ved framtidige tilsetjingar i bispedømet.

Unnatak frå dette kan skje ved skifte av arbeidsstad for dei som allereie er tilsette i rettssubjektet Den norske kyrkja.

Bispedømerådet vil aktivt fremje eit arbeidsmiljø der kvinner og menn gjensidig opplever annerkjennelse av si presteteneste

Kvalifikasjonskrav for vigsla stillingar

Kva skal til for at ein person som ikkje har den vanlege teologiske utdanninga som krevst for å bli prest, likevel kan bli prest?  Eit utval har sett på dette og til kyrkjerådet si høyring om denne saka gjev Bjørgvin bispedømeråd si tilslutning til utvalet sitt forslag om at ordninga med kyrkjeleg evalueringsnemnd blir erstatta med eit meir detaljert kompetanse-/utdanningskrav. 

Bjørgvin bispedømeråd er samd i at utdanningsnivået for kateket, diakon og kantor skal vidareførast på same nivå som i dag.

Valordning for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett

Bjørgvin bispedømeråd skriv i høyringssvar i sak om val av prest og lek kyrkjeleg tilsett medlem i bispedømerådet at dei meiner noverande ordning med preferanseval gjev eit resultat som er meir i samsvar med veljarane sine ønske enn det fleirtalsval gjev. Eit fleirtal i bispedømerådet vil difor ha preferanseval også ved neste val, medan to av medlemene ønskjer fleirtalsval.

Usemje om listeval ved neste kyrkjeval

I ei større høyring om overordna problemstillingar ved kyrkjevalet, delte bispedømerådet seg i forslag til kva type val ein skal ha til bispedømerådet. Dei leke medlemene i noverande bispedømeråd er valt inn med medlemer frå nominasjonskomiteens liste som har kandidatar som sokneråda har funne, og to nomineringsgrupper, Open folkekyrkje og Bønnelista. For valet i 2023 er det framlegg om anten å behalda dagens ordning eller å ha eit reint val med sjølvstendige lister og der det berre blir oppnemnd ein nominasjonskomite med representantar frå sokneråda dersom det ikkje er andre lister som stiller.

Fire av medlemene i bispedømerådet ville ha eit reint listeval, medan fleirtalet på fem gjekk inn for eit alternativt forslag med berre ei, felles liste. Denne lista skal ha med både sokneråda sine kandidatar og kandidatar frå nomineringsgrupper. Kandidatane skal vere merka, men stå på same liste.

Bispedømerådet var også usamde om kyrkjevalet skal kunna haldast same dag og i nærleiken av offentlege val, som no. To av medlemene ønskte dette, medan fleirtalet på sju ønskjer eit tydeleg skilje mellom kyrkjelege og statlege/kommunale val, ut frå prinsippet om lik handsaming av ulike trus- og livssynssamfunn.

Les høyringsuttale – lenke nedst på sida

Kyrkjer og kyrkjestadar treng vern

Bjørgvin bispedømeråd åtvarar mot at kyrkjebygga og kyrkjene sine omgjevnader kan få eit redusert vern frå 1. januar 2021. Då blir kyrkjelova erstatta av ei ny lov om trus- og livssynssamfunn. Med det må det på plass nytt regelverk for å sikra verna kyrkjer og andre kyrkjer som også er viktige kulturminne i sitt lokalsamfunn mot til dømes skjemmande byggverk i nærleiken.  Bispedømerådet støttar forslaget til «kyrkjebyggforskriften» som no er på høyring frå barne- og familiedepartementet og som skal sikra at Riksantikvaren får høve til å uttala seg når kyrkja ønskjer å gjera endringar på «listeførte kyrkjer». Dette er ei vidareføring av dagens ordningar, men bispedømerådet peikar på at til dømes biskopen sin rett til å godkjenna all bygging nærare kyrkjer enn 60 m i spreiddbygd strøk, ikkje er tenkt vidareført. Rådet meiner denne regelen må førast vidare i ei eller anna form som sikrar kyrkjestadane. 

Bjørgvin bispedømeråd har også skrive høyringsuttale til forslag til regelverk om langtidsutleige av kyrkjer. Dei meiner at biskopen skal behandla slike søknadar.

Protokoll – sjå lenke nedst på sida

Sakliste

Godkjenning av innkalling og saksliste

54/20

Saksliste 13.11.2020

 

Godkjenning av protokoll

55/20

Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 30.09.2020

 

56/20

Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 16.09.2020

 

Saker til behandling

57/20

Innhenting av opplysingar om samlivsform

 

58/20

Bjørgvin bispedømeråd - Konsekvensar av Bispemøtets vedtak om ordinasjon og kollegafelleskap

 

59/20

Høyringsuttale frå Bjørgvin bispedømeråd - Kvalifikasjonskrav for vigsla stillingar

 

60/20

Høyring om valordning for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett - høyringsfråsegn frå Bjørgvin bispedømeråd

 

61/20

Kyrkjevalet - overordna problemstillingar - høyringsfråsegn frå Bjørgvin bispedømeråd

 

62/20

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd til forslag til forskrift om forvaltning av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer

 

63/20

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd til forslag til regelverk om langtidsutleige av kyrkjer

 

64/20

Bjørgvin bispedømeråd - høringsnotat - endringer i kirkeordningen og enkelte andre regler 

Kirkeordning for Den norske kirke

 

Orienteringssaker

65/20

Høyring om særskilte reglar for digital førehandsstemming  - uttale frå Bjørgvin bispedømeråd

 

66/20

Uttalelse fra LO Vestlands regionkonferanse.

 

67/20

Delegerte vedtak - Bjørgvin bispedømeråd møte 13. november 2020

 

Tilsettingssaker

68/20

Tilsetjing - sokneprest i Sogn prosti med Hafslo, Solvorn og Fet og Joranger som tenestestad – Behandling i møte ikkje offentleg etter offentlighetsloven Offl. § 25 første ledd

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"