Ser etter ny biskop

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 16. september bestemt seg for kven dei vil intervjue av mogelege kandidatar til å bli ny biskop. Rådet går vidare inn for å oppretta Kyrkjeleg kultursenter vest, og dei har gjort vedtak om å slå saman alle sokn på Osterøy til eit sokn. Desse og andre saker var oppe til drøfting då rådet var samla på Skei i Jølster.

Bispedømerådet arbeider for tida med å finne ut kva fem kandidatar dei vil innstille til stillinga som biskop i Bjørgvin. Bispedømerådet har gjort vedtak om kven som skal intervjuast.

Kyrkjeleg kultursenter vest

Bjørgvin bispedømeråd går inn for at det blir etablert eit Kyrkjeleg kultursenter vest. Senteret skal vera eit ideelt aksjeselskap i samarbeid med Bergen kirkelige fellesråd, Menighetsrådet i Bergen domkirke menighet og eventuelt andre samarbeidspartnarar. Fellesrådet har gått inn for at senteret blir etablert, men ein ventar på vedtak frå Bergen domkirke menighetsråd før det nye kultursenteret kan bli ein realitet.

Eitt sokn på Osterøy

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å slå saman sokna Gjerstad, Hamre, Haus, Bruvik og Hosanger til eit nytt sokn for heile kommunen med namnet Osterøy sokn frå 1. januar 2024.

Valråd

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner valråd for bispedømerådsvalet i Bjørgvin 2023 med følgjande medlemer:

  • Julie Ane Ødegaard Borge
  • Håvard Frøysa.
  • Tove Sneås Skauge.
  • Arild Steinsland
  • Joy Taylor
  • Eli Beate Presthus Nilsen (vara)
  • Harald Geir Sæther (vara)

Samspel

Før bispedømerådsmøtet, som denne gongen var halde på Skei i Jølster, møtte medlemene i bispedømerådet ein del valde leiarar frå kyrkjelege fellesråd i bispedømet for å høyra deira tankar om ny organisering av Den norske kyrkja. I bispedømerådsmøtet etterpå, drøfta ein vegval for å utvikle eit samspel mellom valde leiarar i fellesråd og bispedømeråd.

Cuba

Bjørgvin bispedømeråd drøfta tiltak for å auke gjevarteneste og offer til vennskapssamarbeidet med Den lutherske kyrkja på Cuba, mellom anna i samband med avskjedsturne med biskop Halvor. Bispedømerådet vil og gå inn med midlar frå Fond avsett til solidaritetsarbeid.

Videoprosjekt om kristenretten

Bjørgvin bispedømeråd støttar at ein går vidare med eit prosjekt knytt til videoproduksjon inn mot kristenrettjubileet på Moster i 2024. Målet er 3 videoar à 20 minutt til bruk i skule, kyrkjeleg undervisning og som open nettressurs. Det blir søkt om støtte hos ulike aktuelle samarbeidspartnarar.

Økonomi

Bjørgvin bispedømerådet tar økonomirapporten til vitande, bispedømerådet styrer mot balanse.

Sakliste

45/22 Sakliste Bjørgvin bispedømeråd 16.09.2022 
46/22 Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 10.06.2022
Saker til behandling
47/22  Utval av aktulle kandidatar til intervju - ny biskop - Ikkje offentleg, jf. Offl. § 13 1. ledd, jf. fvl. § 13 1. ledd nr. 1 
48/22 Økonomirapport andre kvartal 2022 
49/22 Moster 2024 Videoproduksjon
50/22 Vennskapssamarbeid med IEU på Cuba - rapport og veien videre del 2 
51/22 Oppretting av Kyrkjeleg kultursenter vest 
52/22 Ny soknestruktur på Osterøy 
53/22 Politisk samspel med fellesråd - drøfting
54/22 Valråd for kyrkjevalet i Bjørgvin bispedøme 2023 - oppnemning 
55/22 Bjørgvin bispedømeråd - Datoplan 2023

Sjå protokoll under

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"