Bispedømerådet ønskjer Ragnhild Jepsen som biskop

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 12. januar 2023 gjort vedtak om kven dei ønskjer som ny biskop i Bjørgvin.

Bispedømerådet ønskjer Ragnhild Jepsen (i midten) som ny biskop i Bjørgvin

I vedtaket skriv bispedømerådet at dei vil prioritera dei tre bispedkandidatane i følgjande rekkefølgje:

  1. Ragnhild Jepsen
  2. Sunniva Gylver
  3. Kjersti Gautestad Norheim

Innan 19. januar skal også biskopane uttala seg, med kvar si grunngjeving, om kven av kandidatane dei ser som mest skikka til å bli tilsett som biskop.

Det er så Kyrkjerådet som utnemner biskop i sitt møte 9. - 10. februar, etter at dei har intervjua alle dei tre kandidatane. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"