Kva eigenskapar meiner du at ein biskop burde ha, og har du forslag på aktuelle kandidatar? Innan 1. september 2022 kan du svare på dette ved å klikke her eller på ein av boksane nedst på denne sida. Det er anonymt kven som kjem med forslag.
Forslaga som kjem inn, tek bispedømerådet med seg i det vidare arbeidet. Dei skal nominera fem kandidatar (blant dei er foreslått eller andre aktuelle prestar), og det skal røystast over kandidatar før Kyrkjerådet til slutt tilset ny biskop i Bjørgvin.
Avskjedsgudstenesta for biskop Halvor blir halden i Bergen domkyrkje søndag 20. november 2022 kl. 11.00. Det vil komme meir informasjon om denne gudstenesta seinare.
Planlagd dato for innsetting/vigsling av ny biskop i Bjørgvin er 16. april 2023.
Prosess for å tilsette ny biskop
Bjørgvin bispedømeråd har frist til 18. november 2022 med å nominere fem kandidatar til stillinga som biskop. Kyrkjerådet kunngjer deretter høvet til supplerande nominasjon som er ope fram til 2. desember 2022. Alle kandidatar blir presenterte kring 8. - 9. desember, og frist for rådgivande avstemming er sett til 5. januar 2023. Dei som har stemmerett er alle sokneråd, Ungdomsrådet, prestar, vigsla kateketar, diakonar og kantorar i ordna kyrkjeleg stilling i Bjørgvin bispedøme. I tillegg har òg andre utanfor Bjørgvin bispedøme stemmerett i den rådgivande avstemminga: prostane i resten av bispedøma, representantar frå dei teologiske utdanningsinstitusjonane med tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet og leiarane av dei praktisk-teologiske utdanningane ved desse institusjonane, i tillegg til representantar frå Ungdommens kyrkjemøte med tale- og forslagsrett på Kyrkjemøtet.
Viktige fristar for dei med stemmerett
Bjørgvin bispedømeråd ber allereie no sokneråd og dei med stemmerett i bispedømet om å vere merksame på fristen for supplerande nominasjon den 2. desember 2022, og også fristen den 5. januar 2023 for å gje rådgjevande stemme på kven av kandidatane dei ser på som best skikka til å bli ny biskop.
Eit brev som er sendt til sokneråd, fellesråd, Ungdomsrådet og dei tilsette i Den norske kyrkja, kan du lesa her eller ved å klikka i ein av boksane nedst på denne sida.
Regelverk for utnemning av ny biskop og nærare skildringar av til dømes rolla til biskopen og formelle kvalifikasjonskrav for å kunne bli biskop, finn du også nedst på sida.