Bispedømerådet møttest på Voss

Bjørgvin bispedømeråd var endeleg samla i same rom igjen då dei møttest på Voss 14. september. Dei fekk møta staben på bispedømekontoret som fortalde om arbeidet sitt før rådet hadde vanleg møte. Der var det m.a. tilsetting av prestar i Kvinnherad, Fana og Aurland.

Tilsettingar

Kari Hop Fjæreide er tilsett som kapellan i Fana prosti med Ytrebygda kyrkje som tenestestad.

Carsten Mrusek er tilsett som sokneprest i Sunnhordland prosti, Fjelberg & Eid og Åkra sokn som tenestestad.

Anna Elisabeth Gestsdottir  er tilsett som sokneprest i Sogn prosti med sokna i Aurland som tenestestad.

Økonomi

Bispedømerådet gjekk gjennom rekneskapsrapport for 2. kvartal 2021.  Bjørgvin bispedømeråd støttar føringane i tiltaka med å kome i balanse, og gjev administrasjonen fullmakt til å styre i tråd med dette.

Høyring om reglar for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett

Det er eigne val på lek kyrkjeleg representant og geistleg representant til bispedømerådet/kyrkjemøtet i samband med kyrkjevalet. I desse vala er det høvesvis leke tilsette i Den norske kyrkja og prestar som har røysterett.
I ei høyring om endring av reglane for desse vala, går kyrkjerådet bl.a. inn for at det blir innført digitalt val av prest og lek kyrkjeleg tilsett og at desse vala blir skilt ut som eige regelverk.

Bjørgvin bispedømeråd støttar forslaget om å skille ut reglane om val av prest og lek kyrkjeleg tilsett som eigne reglar i staden for at dei er del av samla reglar for alle vala til sokneråd og bispedømeråd. Bispedømerådet meiner dette vil gje eit regelverk som er lettare å orientera seg i, særleg for sokneråda som ikkje har noko ansvar i det heile for val av prest og lek tilsett.

Bispedømerådet støttar også forslaget om at val av prest og lek kyrkjeleg tilsett til bispedømeråd og kyrkjemøtet blir gjennomført som heildigitalt val.

Sjå lenke nede på denne sida til heile høyringsfråsegna.

Høyring - endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta

Barne- og familiedepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta. Endringane er ein følgje av at kyrkjelova er avløyst av den nye trussamfunnslova.

Rolla som regionalt mynde med ansvar for ein del godkjenningssaker og som klageorgan etter gravferdslova vart overført frå bispedømerådet til statsforvaltaren frå 1. januar 2021. Dette regelverket vedkjem likevel framleis bispedømerådet og biskopen fordi kyrkjeleg fellesråd er lokalt gravplassmynde og fordi mange gravplassar ligg på kyrkjegarden og difor rundt/ved kyrkjebygga.

Bjørgvin bispedømeråd skriv i si høyringsfråsegn at dei merkar seg særleg framlegget til ny andre setning i gravplasslova § 4 første ledd: «Ligger gravplassen i tilknytning til kirkebygg, skal gravplassmyndigheten innhente uttalelse fra berørte organer i Den norske kirke.»  – Vi forstår «berørte organer» som både lokale og regionale/nasjonale organ. Truleg vil kyrkjemøtet legga eit slikt mynde til biskopen.  Det er viktig at eit overordna organ er høyringsinstans eller godkjenningsinstans i saker som berører kyrkjestaden, anten det er ein gravplass eller ein «kyrkjebakke» (del av kyrkjestaden som ikkje er gravplass). Ut over dette har vi ikkje vesentlege merknadar til forslaga til endring i regelverket, skriv bispedømerådet.

Tilsettingsrutinar

Bispedømerådet har drøfta tilsettingsrutinar i Bjørgvin og ber administrasjonen ta med seg dei innspela som kom fram.

Styremedlemer i Stiftinga Familievernkontoret i Nordfjord

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner til nye styremedlemer i Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord 01.06.2021 - 31.05.2025:

Eline Sandnes, Selje. Personleg vara: Olin Johanne Henden, Gloppen

Klaus Iversen, Raudeberg. Personleg vara: Gunn Helgesen, Selje

Saksliste

48/21  Godkjenning av innkalling og saksliste

49/21  Godkjenning av protokoll

50/21  Bjørgvin bispedømeråd - rekneskapsrapport 2 kvartal 2021

51/21  Bjørgvin bispedømeråd - Tiltak for å kome i balanse 2021 og andre tiltak inn mot budsjettarbeidet

52/21  Høyring om reglar for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett

53/21  Høyring - endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta

59/21  Oppnemning av styremedlemer i Stiftinga familievernkontoret i Nordfjord

54/21  Tilsetting - Gjennomgang av rutinar for Bjørgvin bispedøme

55/21  Tilsetting - Kapellan i Fana prosti med Fana sokn, Ytrebygda   kyrkje som tenestestad

56/21  Tilsetting - Kapellan i Fana prosti med Fana sokn, Fana kyrkje som tenestestad 

57/21  Tilsetting av sokneprest i Sogn prosti med sokna i Aurland som tenestestad 

58/21  Tilsetting - Sokneprest i Sunnhordland prosti, Fjelberg & Eid og Åkra sokn som tenestestad 

Protokoll for møtet - sjå nedanfor.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"