Bispedømerådet let seg høyra

Bjørgvin bispedømeråd var 20. april samla til møte på Teams for å gjera vedtak om to høyringssvar og drøfta noko av prosessen knytt til bispeskiftet.

Bispedømerådet har drøfta reglane for val til sokneråd og bispedømeråd.

Bispedømerådet svarte på høyring om reglar for val av sokneråd og leke medlemer til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.  Det meste av regelverket knytt til kyrkjevalet i 2023 er bestemt, men det står att nokre justeringar som skal opp på kyrkjemøtet i september. 

Bispedømerådet har også uttalt seg i ei høyring om ein ny type rekrutteringsstilling i Den norske kyrkja - prest under utdanning.

Siste sak på dette korte møtet var ei drøfting av korleis bispedømerådet kunne henta inn forslag på namn til ny biskop i Bjørgvin. Dei har vedteke at alle som vil, kan gje innspel til kva eigenskapar dei tenkjer at ein biskop bør ha, og namn på mogelege kandidatar. Les meir om dette via lenke til sak nedst på sida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"