Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

To nye prostar tilsett i bispedømerådsmøte

Bjørgvin bispedømeråd tilsette to prostar og tre sokneprestar i møte 18. september.

Som prost i Sogn vart Geir Paulsen tilsett. Han er i dag sokneprest i Luster. I Vesthordland er Jan Tommy Sigvartsen Fosse tilsett. Han er utanlandssjef i Sjømannskyrkja.

Følgjande prestar er tilsett som sokneprestar:

  • Sokneprest Bergensdalen prosti med Fridalen sokn som tenestestad: Øyvind Rise.
  • Sokneprest i Åsane prosti med Salhus sokn som tenestestad: Hanne Kanchan Zimmermann-Ølberg
  • Sokneprest i Vesthordland prosti med Fjell sokn som tenestestad: Morten Torsvik.

Fana prestegård
Bispedømerådet fekk ei orientering om arbeidet med å finna ein god bruk av Fana prestegård til nytte for kyrkja i Bjørgvin og andre mogelege aktørar. Sjå eigen artikkel om Fana prestegård.

Ungdom
Bispedømerådet fekk også orientering om ein «prostiturné» der stiftsdirektøren og rådgjevarar frå bispedømekontoret møter prestar og kyrkjeverjer/administrasjonsleiarar for å snakka om strategisk arbeid med leiartrening for ungdom og rekruttering.

Ein gjennomgang av den økonomiske stoda stod også på sakskartet med gjennomgang av økonomirapport for 2. tertial. Bispedømerådet gjorde også vedtak om oppdatert delegasjonsreglement for Stiftsdirektøren. Dette reglementet medfører at bispedømeadministrasjonen kan handtera ulike typar saker utan at desse må behandlast i møte i bispedømerådet.


Sakliste

  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Godkjenning av protokoll
  • Munnleg orientering om status på Fana prestegård og prostiturne om ungdom og rekruttering
  • Økonomirapport 2. tertial 2019
  • Delegasjonsreglement Stiftsdirektør
  • Tilsetjing - Prost i Sogn
  • Tilsetting - prost i Vesthordland prosti
  • Tilsetjing - Sokneprest i Bergensdalen prosti med Fridalen sokn som tenestestad
  • Tilsetjing - Sokneprest i Åsane prosti med Salhus sokn som tenestestad
  • Tilsetjing - sokneprest i Vesthordland prosti med Fjell sokn som tenestestad

Protokoll - sjå lenke under.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"