Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bjørgvin bispedøme på Facebook

Bjørgvin bispedøme er no på Facebook. Lik oss gjerne!

No kan du følgja Bjørgvin bispedøme på Facebook. Her vil vi prøva å spegla det som skjer i bispedømet, i første rekke i regi av bispedømekontoret. Vi ønskjer også å dela det som skjer elles i bispedømet, i den grad det er kapasitet til dette. Difor er det viktig å tipsa oss om hendingar som kan vera av interesse for andre.

Biskop Halvor Nordhaug har lenge vore å treffa på Facebook og i år er også Reformasjonsbyen Bergen aktiv på Facebook med nytt frå Lutherfestdagane og andre arrangement relatert til reformasjonsmarkeringa. Erfaringane av dette gjer at vi no lanserer ei eiga side for Bjørgvin bispedøme.

Følg oss og lik oss!