Listeforslag lek tilsette og prestar

Nominasjonskomiteane for lek tilsette og prestar har levert inn listeforslag til kyrkjevalet 2023 med val av medlemer til Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Nominasjonskomiteane for lek tilsette og prestar har klar kvar sitt listeforslag med fem kandidatar.

Listeforslaga er levert til valrådet i Bjørgvin bispedøme.

Ved val av lek tilsett medlem og geistleg medlem av bispedømerådet, skal det nominerast fem kandidatar på kvar av desse listene. Medlemet vil bli vald gjennom preferanseval, og lista er difor alfabetisk, utan noko prioritert rekkefølgje.  Listene skal ha minst 40 % kandidatar av kvart kjønn, kandidatar frå ulike distrikt og, om mogeleg, minst ein kandidat under 30 år. 

Valrådet i Bjørgvin skal godkjenna desse listene og andre lister innan 30. april. Når desse to listene er godkjende, vil det bli lyst ut høve til supplerande nominasjon.

I Bjørgvin bispedømeråd er det 10 medlemer. Sju av medlemene er leke - valde av og blant medlemer i Den norske kyrkja. Det er ein prest, vald av prestane i bispedømet, og ein lek kyrkjeleg tilsett, vald av dei lek kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområda. Dessutan er biskopen fast medlem av rådet.

Følgjande kandidatar står på dei innleverte listeforslaga:

Lek tilsette

Solveig Gravem Angelskår, f. 1980. Dagleg leiar i Osterfjorden.
Kalaregy Drange, f. 1962. Kyrkjetenar i Sandviken og Eidsvåg. 
Rita Eldhom, f. 1972. Diakon i Åsane.
Audun Mundal, f. 1966. Kyrkjeverje i Gloppen.
Beate Nes, f. 1979. Kateket i Stryn. 

Prestar

Kjersti Brakestad Boge, f. 1973. Sokneprest i Kvinnherad
Vegard Bondevik Lie, f. 1974. Sokneprest i Leikanger
Arne Mulen, f. 1969. Spesialprest i Åsane.
Kjersti Gautestad Norheim, f. 1974. Sokneprest i Birkeland
Marte Birkeland Åsen, f. 1992. Kapellan i Søreide

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"