Pilegrim i sommar

I sommar kan du delta på Seljumannamesse på Selja, vandra frå Jondal over fjellet til Reisæter eller vera med på pilegrimsstevne i Røldal, anten du kjem direkte eller på ei vandring. Det blir også ein eigen tur sjøvegen til Røldal seinare i juli..

Utsyn frå pilegrimsleia mellom Krossdalen i Jondal og Reisæter ved Sørfjorden. Foto. Jondal sokn.

Sjå lenker til alle dei omtalte arrangementa nedst på sida. 

Seljumannamesse

Det blir Seljumannamesse på Selja 3. juli kl. 12. Men før det kan du delta i jubileumsvandring for pilegrimsleden 25 år på Selja 1. juli kl. 10 og på keltisk pilegrimskonferanse på Stad hotel laurdag 2. juli.  

Folgefonnhalvøya

Den årlege dagsvandringa mellom Krossdalen i Jondal og Reisæter i Sørfjorden finn stad den 7. juli. Påmelding innan 4. juli. 

Frå Moster til Røldal

Nytt av året er turen frå Moster 6. juli, via Halsnøy kloster, Skånevik, Etne og Seljestad til Røldal, framme 8. juli, men med deltaking på Pilegrimsstemna i Røldal 8. - 10. juli. Vekselvis transport og vandring. 

Røldal

Pilegrimsstemnet i Røldal blir 8. - 10. juli.  Røldalsspelet "Den lange vegen" blir framført torsdag 7. juli - laurdag 9. juli. Laurdag er det pilegrimsseminar, vandringar og pilegrimsmesse.  Billettsal på nettet.

Sjøvegen til Røldal

Inn i fjordane i Ryfylke, over Suldalsvatnet og Røldalsvatnet til stavkyrkja i Røldal gjekk ferda for mange i gamal tid. No kan du få vera med denne ruta i regi av Utstein pilegrimsgard 23. - 25. juli. Eit nytt tilbod som blir prøvd ut i år. Sjå meir informasjon i brosjyren nedst. 

Opne kyrkjer og ulike arrangement

Sjekk sommarkyrkja.no for eit oversyn over kva som skjer der du er.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"