Satsar på ungdom

Bjørgvin bispedømekontor støttar dette året konfirmantarbeidet i kyrkjelydane med to turnéar. «Farmen-presten» Thor Haavik reiser rundt i Bergen og omland, medan han og eit større team skal rundt i fleire prosti i heile bispedømet.

Thor Haavik har fått god respons på sine besøk til konfirmantar og andre unge i kyrkjelydane, bl.a i Blomvåg kyrkje. Foto: Matilde Solsvik

Fleire konfirmantkull opplever at pandemien set grenser for å vera saman i undervisning og på leirar. For å støtta desse, blir bispedømet si konfirmantsatsing «Sammenkonf» i år utvida til å nå fleire, og på nye måtar.

På vegen med eit show for ungdom

– I 2018 gjekk bispedømet inn i eit pilotprosjekt om samarbeid med åtte kyrkjelydar om å lage ein stor konfirmantleir på Vestlandet. 600 konfirmantar, leiarar og tilsette var samla i Askøyhallen. I 2019 var det leir i Norhordlandshallen, medan pandemien sette kjeppar i hjulet for leir i 2020. Det vi likevel fekk til, var ein fire timar lang minileir i Arna. Dette pilotprosjektet vart så vellukka at då Thor Haavik blei ein del av fagteamet i bispedømet frå januar 2021, vart vi raskt samde om å lansere “Saman på hjul” til heile bispedømet, fortel Anine Vieth Mildstvedt som er prosjektansvarleg for dette arbeidet på bispedømekontoret.

Det har gått ut tilbod til kyrkjelydane om å få besøk, og i juni dreg eit team av unge musikarar frå St. Jakob og dansarar frå Sælen saman med Thor Haavik, Torfinn Wang og Anine Vieth Mildestvedt frå bispedømekontoret til Voss og Bømlo for å møta både «utgåande» og «innkommande» konfirmantkull. I haust står fleire område frå Florø i Nord til Ullensvang i sør for tur.

Thor på tur

Thor Haavik, som er kapellan i Salhus, er engasjert av Bjørgvin bispedøme for bl.a. å støtta opp om konfirmant- og ungdomsarbeid. Denne våren har han besøkt fleire kyrkjer. Tema for besøket har vore: «Gode grunner for å tro på Gud» og «Vandringen med Jesus som venn».
– Det var kjempekjekt med Thor på besøk! Han kommuniserer utruleg godt med konfirmantene og er jo definisjonen på eit vinnende vesen. Det er veldig kjekt at vi kan ha eit slikt forbilde i kyrkja med eit tydelig Jesus-vitnesbyrd, seier kyrkjelydspedagog Hogne Berland i Øygarden.

Det er framleis plass i kalenderen til nokre ekstra besøk av Thor Haavik og/eller Saman-teamet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"