Skjer i kyrkja - ny kalender

Nettstaden skjerikyrkja.no/skjerikirken.no skal samle alle kyrkjelege arrangement i ein felles kalender. No er ei prøveutgåve ("beta-versjon") av kalenderen klar. Den fungerer på same måte som ein app på mobiltelefonen, om du vil lasta den ned der.

Slik ser logoen til den nye kalenderen ut.

Mange arrangement i Bjørgvin

Bjørgvin bispedøme har vore eit av prøveområda for den nye kalenderen ved at den har henta kalenderhendingar automatisk frå kyrkjelydane sine nettsider. No til årets helgemesse/allehelgen har i tillegg fleire hundre kyrkjelydar over heile landet lagt inn informasjon om at dei inviterer inn til open kyrkje, minnegudsteneste, konsertar eller andre samlingar for alle som vil oppsøke kyrkja eller gravlunden denne minnehelga.

Prøveversjon

Fordi dette er ein beta-versjon, kan du finna ulike arrangement om du trykkjer på  Se alle arrangementer (henta automatisk frå kyrkjelydane sine nettsider, innheld også ein god del allehelgensarrangement) og på Se alle allehelgensarrangementer (samla inn via eit skjema som kyrkjelydane har fylt inn før helgemesse/allehelgen). Til jul satsar ein på å ha klar ein samla kalender.

Skjerikyrkja orienterer seg etter din mobiltelefon eller pc sin posisjon, men du kan sjølvsagt også søke på kva stad i landet du vil for å sjå kva som skjer.

Om du ikkje finn arrangement eller samlinger i kyrkjelyden du ønskjer å besøke, kan det vere lurt å sjekke kyrkjelyden sine eigne nettsider i tillegg.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"