OVF-midlar går ut

Den norske kyrkja har i mange år fått tildelt midlar til tiltak i kyrkja frå OVF - Opplysningsvesenets fond. OVF skal no delast mellom staten og Den norske kyrkja. Kyrkja sin del blir prestebustadar og tomter med kyrkjer og gravplassar, men det blir ikkje lenger ikkje midlar til utdeling til prosjekt i kyrkjelydane.

Kyrkjeverje Aud Jorunn Baustad i Etne (t.v.) kan diverre sjå langt etter OVF-midlar, men kan kanskje håpa på støtte til dei mange gamle kyrkjebygga ho har ansvar for. Her frå ei synfaring med Riksantikvaren og ein handverkar i Gjerde kyrkje.
I samband med delinga blir det etablert eit kyrkjebevaringsprogram. Den norske kyrkja får både bygningsmasse og land, men også pengar til vedlikehald av kyrkjer over ein tidsperiode. Storleiken på kyrkjebevaringsprogrammet tilsvarer verdien av dei eigedelane som staten beheld i OVF (over 10 milliardar kroner).  Les meir om kyrkjebevaringsprogrammet via lenke nedst på denne sida. 

Det kan bli lyst ut andre midlar til satsingar i kyrkjelydane, men ikkje på same måte som ved OVF-midlane.

OVF-midlane har opp gjennom åra gått til oppstart av ulike prosjekt innan barne- og ungdomsarbeid, diakoni, kultur og vennskapssamarbeid i kyrkjelydar, bispedøme og organisasjonar. 

Det kan derimot bli lyst ut stimulerings- og prosjektmidlar frå kyrkjerådet innimellom. Oversyn over desse vil ein kunna finna på https://kirken.no/stotte.
Hausten 2022 kan ein der søkja på stimuleringsmidlar for å starta sorggrupper for unge (søknadsfrist: 1. desember). 
 
Kristelig studieforbund, K-stud, har også midlar ein kan søkja på: https://www.k-stud.no/tilskuddsordninger/
 
 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"