Vandring på Sunnivaleia 19. - 27. juni

For 11. gong blir det organisert pilegrimsvandring på Sunnivaleia. Starten er Kinnaspelet på Kinn og vandringa endar på Selja. Det hastar med å melda seg på.

Vandringa på Sunnivaleia startar på Kinn. Det er enno plass til nokre vandrarar, gjerne menn. Foto: Sunnivaleia

Denne gruppa har både norske og tyske pilegrimar, men det er ingen krav til språkkunnskap.

Krav til fysisk form: Ein må vera i stand til å gå opp til 24 km pr dag i varierande terreng.
Pris: kr 6500.
Vandreleiarar: Steinar Pettersen og Jorund Levorstad. Prest Kari Leine Balog.

NB: Dersom nokon skulle ynskja å ta del i vandringa, men ikkje greier å koma til Kinn laurdag, er det mogeleg å koma til Florø laurdag, sjå Kinnaspelet søndag og reisa til Smørhamn søndag kveld og møta gruppa der. Ta i så fall kontakt i god tid på førehand.

Dagsplan
Dag 0. Fredag 19. juni. Frammøte på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.
Ein kan koma til Kinn laurdag morgon om ein ikkje treng overnatting i Florø, men erfaringa syner at det er godt å samlast kvelden i førevegen.
Overnatting på Kinn hotell i Florø.

Laurdag 20. juni
Florø- Kinn – Florø – Smørhamn.
Båt til Kinn - Kinnaspelet – tur rundt øya - retur til Florø.
Vidare med ekspressbåt til Smørhamn og overnatting på Smørhamn handelsstad.

Søndag 21. juni
Roleg dag på Smørhamn.
Vandring til Frøya kyrkje og vidare til Kalvåg. 8-9 km t/r
Overnatting på Smørhamn handelsstad.

Måndag 22. juni
Smørhamn – Ryland - avstikkar til Grotlesanden – Iglandsvik. Ca 22 km.
Overnatting i rorbuer i Iglandsvik

Tysdag 23. juni
Iglandsvik – Hauge - Oldeide – Måløy – Ulvesund fyr. 16 km til Oldeide.
Vandring til Oldeide. Ferje til Måløy. Bilskyss eller vandring (valfritt) til Ulvesund fyr, 11 km.
Overnatting på Ulvesund fyr.

Onsdag 24. juni
Ulvesund fyr – Deknepollen – Almenningen – Holmely på Totland. 15 km vandring. Båtskyss med
veteranbåtlaget 'Over stokk og stein' frå Almenningen til Holmely.
Overnatting på Holmely omsorg- og retreatsenter.

Torsdag 25. juni
Totland – Rimstaddalen – Berstad/Selje. 18 km.
Overnatting i Selje.

Fredag 26. juni
Båt til Selja. Vandring på Selja. Gudsteneste i Sunnivahelleren.
Festmiddag og overnatting i Selje.
Vandringa er slutt.

Laurdag 29. juni
Båt går til Bergen kl 06.50.
Eventuelt høve til improvisert tur på Stadlandet (Dragseidet, Drage, Vestkapp, Ervik m.m.) på eigen kostnad for den som ikkje reiser heim laurdag morgon.

.....................................................
Korleis koma til Florø:
Det er flyplass i Florø, trafikkert av Widerøe.
Tre daglege bussavgangar Oslo – Florø: kl 0940-1925. kl 1435-0040. kl 2140-0800. Nettbuss.
Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag.
Hurtigruta har stopp i Florø.

Korleis koma frå Selje:
Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.20. Laurdag berre kl 06.50.
Det er to bussavgangar dagleg frå Måløy til Oslo, nattbuss og dagbuss. Det må organiserast køyring frå Selje til næraste stopp. Det let seg ordna.

.............................................................................

Andre opplysningar

Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.
Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.
Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. - NB! Frivillig.
Me går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.
Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.
Nivå på overnatting: Seng eller madrass, sovepose. På dei fleste stader kan ein få oppreidd seng mot tillegg i prisen.
Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.
Bagasjen vert frakta.

Viktig!
Vi er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring.

For meir informasjon:

Prostiprest Kari Leine Balog, post@sunnivaleia.no , tlf +47 975 43 466

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"