Kystpilegrims-seglas frå Selja til Bergen

I dag, 28. august, startar Sunniva-seglasen med historiske farkostar langs Kystpilegrimsleia for å markera at det i år er 850 år sidan flyttinga av St. Sunniva sine levningar frå Selja til Bergen. Fire ungdomar er med på ferda, og undervegs har dei mange stopp med kyrkjeleg program.

Ungdomane representerer ulike kyrkjesamfunn. Undervegs skal dei ha med seg eit Sunnivskrin som symboliserer skrinet som vart ført frå Selja til Bergen i 1170. Dei skal bidra med lesning og bøner samt at dei vil rapportera om sine tankar og posta bilete og videoar på Instagram.

Ferda går i etappar og som ein stafett av ulike gamle jekter og store robåtar langs denne leia: Selja - Kalvåg - Kinn - Svanøy - Askvoll - Korssund - Hyllestad - Eivindvik - Kilstraumen - Lygra - Hamre – Bergen.
Undervegs på dei stadene båtane med skrinet går til hamn, blir det både kyrkjelege arrangement og aktivitetar i regi av FN-sambandet og Fjordane friluftsråd, i samarbeid med biologar og lokale kjentfolk. Tema vert FNs berekraftsmål, mellom anna ved strandrydding og utforsking av plastforureining.

Ungdomspilegrimane og stasråden: Dei fire ungdomane som skal vera med på heile seglasen frå Selja til Bergen møtte tidlegare i sommar kulturministeren på Selja. Frå v. Alfred Bjørlo, ordførar i Stad, H Elisabet Osdal (lutheranar frå Selje), Dina Øien (lutheranar frå Florø/Kinn), Victoria Lid (ortodoks frå Os/ Bjørnafjorden) og Sunniva Aadland Høen (katolikk frå Oslo/Selja).

Kyrkjelege arrangement

Det er mogeleg å vera med på arrangement undervegs i markeringa av Sunnivaseglasen som ei feiring av vår felles kristne arv.

Fredag 28. august kl. 20 – Økumenisk kveldsbøn i Selje kyrkje -
Ansvarleg: Selje sokn – vikarprest Kari Leine Balog

Laurdag 29. august kl. 10 - enkel ortodoks gudstjeneste i St. Mikaelskapellet/Sunnivahola
Ansvarleg: Fader Theodor Svane

Kl 11 – Økumenisk gudsteneste i Albanuskyrkja
Ansvarleg: fung prost Vidar Bjotveit

Kl 22 – Enkel samling/kveldsbøn i Frøya kyrkje
Ansvarleg: dei fire ungdomspilegrimane
Kontaktperson: fung. Sokneprest Gunnar Torset

Søndag 30. august kl 11 Gudsteneste i Hyllestad kyrkje – steinkross markering
Ansvarleg: sokneprest Audun Systad

Søndag 30. august kl. 16 Økumenisk gudsteneste i Kinnakyrkja
Ansvarleg: prost Knut Magne Nesse

Måndag 31. august ca 12 Enkel samling/lesning v. Svanøy steinkross
Ansvarleg: dei fire ungdomspilegrimane

Kl 19.00 Økumenisk kveldsmesse i Askvoll kyrkje
Ansvarleg: sokneprest Kjell Olav Høstaker Nordheim

Tysdag 1. 9 v. Korssund steinkross – enkel samling/lesning
Ansvarleg: dei fire ungdomspilegrimane

19.00 Økumenisk kveldsgudsteneste i Eivindvik kyrkje
Ansvarleg: sokneprest Per Børge Hillestad

Onsdag 2.9 Kielstraumen bryggje -
Ansvarleg: sokneprest Rune Minde

Torsdag 3-9 Lygra 19.00 Økumenisk friluftsgudsteneste
Ansvarleg: sokneprest Geir Øy

Fredag 4.9 Ortodoks Vesper i Hamre kyrkje
Ansvarleg: fader Theodor Svane/prost Øystein Skauge

Laurdag 5.9 – kl 1430/1500 Kristkyrkjetomten - Ankomst/Opning Bergen regionale pilegrimsenter. Enkel lesning/bøn ved dei fire ungdomspilegrimane
Ansvarleg: Bjørgvin bispedøme

Søndag 6. 9 kl 11.00 Økumenisk festgudsteneste i Bergen domkyrkje. Inkl. lesningar frå ungdomspilegrimane. Ansvarleg: Biskopen i Bjørgvin/Bergen domkyrkje

Les meir om ferda og båtane og følg den dag for dag på sunnivaseglas.no

 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Logo Miljøfyrtårn

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00. For tida når du oss berre på telefon fordi alle har heimekontor. Telefontid: 09.00-14.30

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"