Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

To bispedømerådsmøte på ein dag

Bispedømerådet i Bjørgvin for dei siste fire åra hadde sitt siste møte 3. januar med mellom anna to tilsetjingar. Det nye bispedømerådet møttest like etterpå til konstituering og møteplan.

Bispedømerådet 2016-2019 tilsette Hildegunn Katarina Isaksen som sokneprest i Bergensdalen prosti med Løvstakksiden sokn som tenestestad. Som kapellan i Åsane prosti med sokna Eidsvåg og Biskopshavn som tenestestad, tilsette rådet Martin Nørremark. 

Bispedømerådet deltok også i votering av ny preses (leiande biskop i Den norske kyrkja). Bjørgvin bispedømeråd røysta for Olav Fykse Tveit.

Det nye bispedømerådet som trer i funksjon frå 1. januar 2020, møttest til konstituering og møteplan. Vemund Atle Øiestad vart vald til ny leiar. Nestleiar vart Oddny Irene Miljeteig.

Bispedømerådet sin møteplan for 2020:

28.-29. januar (kurs), 18. februar, 24.mars, 13.mai, 3. juni, 16.september, 30. september, 13.november og 15. desember.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"