Sunnivafestivalen 4. - 8. september

Den 7. september var det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen. Legenda om Sunniva har sett tydelege spor etter seg, og som ein del av Bergen by sitt 950 års-jubileum, vart det arrangert Sunnivafestival 4. - 8. september. Sjå opptak av fleire av programpostane her.

Program

(Sjå også lenke til brosjyre med program nedst på denne sida)

Fredag 4. september

14.00: Boklansering og seminar, Bryggens Museum
«Sankta Sunniva – den irske vernaren av Vestlandet og
Noreg 1170 – 2020». Arr.: Universitetet i Bergen, Mellomalderklynga.
Gratis. Plass må tingast på førehand. hoopla.no

19.00: Arven frå Vest - Konsert i Johanneskirken.

Denne konserten kan du sjå på Den norske kyrkja si facebookside frå laurdag den 19. september kl. 18.00 og ei veke framover.
Musikalsk samspel Irland – Noreg, med Sankta Sunniva som inspirasjon. Med: Helene Bøksle, songar, Tove Kragset, musikalsk leiar; Torbjørn Økland, gitar; Tarjei Nysted, div. instrument; Ragnhild Margrete Gudbrandsen, skodespelar, Sankta Sunniva kammerkor, kantor Eivind Berg, Birgit Amalie Nilssen, regissør.
Arr.: Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Bergen domkirke menighet 
Program

Laurdag 5. september

10.00 - 13.00: Opningsseminar for Bergen regionale pilegrimssenter.
Bryggens Museum. Arr: Bymuseet i Bergen, Bergen regionale pilegrimssenter og Bjørgvin bispedøme. Gratis. Registrer deg på hoopla.no
Program: Sjå lenke nedst på sida. Sjå seminaret direkte eller i opptak her

 

11.00 - 14.00: Finn Sunniva i Jubileumsbyen.
Orienteringsløype for familiar. Start på Kristkyrkjetomta, mål på Torgutstikkeren. Arr.: Bergen domkirke menighet, Bjørgvin bispedøme, Universitetsmuséet i Bergen. Bill. kr. 0/50/200 (for familiar med 2 barn+) Heiter du Sunniva, går du gratis. Til sals, berre på nett: TicketCo.no

14.00: Ankomst båtkortesje med Sunnivaskrinet frå Selja
Torgutstikkeren: Prosesjon til Kristkyrkjetomta. Songarar frå Bergen domkirkes jentekor. Arr.: Stad kommune/Selje regionale pilegrimssenter, kystkultur.no, Kystlaga frå Selje til Bergen

15.00: Opningsmarkering på Kristkyrkjetomta
Bergen regionale pilegrimssenter opnar.
Arr.: Bergen kommune/Bymuséet i Bergen
Gratis. Plass må tingast på førehand: hoopla.no

15.00 – 18.00: Mariakirken er open
Gratis. Plass må tingast på førehand: hoopla.no Maks. 20 personar om gongen. Bestill tid til kl. 15.00, 15.30, 16.00, 17.00 og 17.30. 

19.30: Musikk frå St. Sunniva si tid og fram til vår.  Bergen domkirke.
Gregoriansk tradisjon møter ny musikk av Birgit Djupedal, Ørjan Matre og David Basden. Med Schola Sanctae Sunnivae og Bergen Domkor, dir. Anne
Kleivset, domkantor Kjetil Almenning, kantor Eivind Berg
18.30: Før konserten - Laudato si - Om troen, håpet og omsorgen for vårt felles hjem.
Biskopane Halvor Nordhaug og Herborg Finnset, Ingrid Rosendorf Joys, leiar for STL i Norge, samtaler. Skodespelar Ragnhild Margrete Gudbrandsen les Sunniva-legenda.
Arr.: Bergen Domkor/Bjørgvin bispedøme
Bill. kr 230,-. Til sals, berre på nett. TicketCo.no


Søndag 6. september

11.00: Økumenisk jubileumsgudstjeneste. Bergen domkirke.
Biskop Halvor Nordhaug og biskop Herborg Finnset, domprost Gudmund Waaler med gjester. Bergen Domkor og Schola Sanctae Sunnivae. Kirkekaffe.
Vertskap: Bjørgvin bispedøme/Bergen domkirke menighet

Mandag 7. september

Sunnivafeiring: 850 år sidan translasjonen frå Selja til Bergen

11.00: Translatio Sunniva 850 år
Jubileumsmesse i St. Paul kirke. Sokneprest Dom Alois med gjester. Kirkekaffe.
Vertskap: St. Paul katolske menighet
Messa blir overført direkte på YouTube


14.00: Økumenisk samling på Kristkyrkjetomta er avlyst

18.00 - 21.00: Sunnivafeiring - Jubileumsseminar
Bryggens museum/Auditoriet

18.00 - 21.00: Sunnivafeiring - Jubileumsseminar
Bryggens museum/Auditoriet
Kva betyr Sta. Sunniva for meg? Intervju med kunstnarar og andre som er berørte av legenda  Sjå filmen her: 

• Helgener og hellige Sunniva i Den ortodokse kirke
Fader Theodor Svane, Den ortodokse kyrkja
• «Sankta Sunniva – den irske vernaren av Vestlandet og Noreg 1170 – 2020».
Den nye Sunnivaboken – populærvitskapelege framlegg
1. Kvifor translasjon? Førsteamanuensis Alf Tore Hommedal
2. Tilblivelsen av legenda. Professor Alexander O’Hara
3. Sunniva-feiring i middelalderen. Professor Åslaug Ommundsen
Virtuelt besøk i Kristkirken
Mellomalderklynga, UiB, Åslaug Ommundsen
Arr.: Bjørgvin bispedøme i samarbeid UiB – Mellomaldeklynga,
Universitetsmuséet i Bergen, Bymuséet i Bergen og Den Kgl. Norske ambassade i Irland.
Bill. kr. 200,- for heile programmet.Til sals, berre på nett: TicketCo.no  
Sjå seminaret direkte eller i opptak her

 

Tysdag 8. september

Sunnivasamtalen. Føredrag og samtalar på Bryggens museum kl. 14 - 20

Kl. 14.00 - 16.00: Kvinner inntar leiarroller         

Kvinner erobrar det geistlige embete - eit personleg tilbakeblikk.
Helga Haugland Byfuglien, Den norske kyrkje sin første preses 

Marie Monsen: Frittalande bergensar, karismatisk vekkelsesleiar og misjonærpionér for likestilling. Professor emerita Lisbeth Mikaelsson

-Pause-      

Kl. 18.00 - 20. 00 Med kall til omsorg og teneste – moderator Herdis Alvsvaag
Styrke og mangfald – same kall: nonner globalt
Sr. Anne Bente Hadland OP, priorinne på Katarinahjemmet

Kvinnene som grunnla helsevesenet i moderne tid: Nonnenes rolle
Søstrene og helsevesenet Sr. Else-Britt Nilsen OP, generalpriorinne og kirkehistoriker

Bergen diakonissehjem: Diakonisser mellom tradisjon og fornying 
Tidl. forstanderinne Åse Madsen


Program

 

 

Kl. 20:00 Byvandring: Bryggens museum - Nonneseter – Florida   

Kveldsbøn i Sunnivakapellet på Florida
Gudmund Waaler, domprost, Alf Tore Hommedal, mellomalderhistorikar

Førehandsregistrering for vandringa (gratis) på hoopla.no
 
Eit samarbeid med Universitetet i Bergen, St. Paul katolske menighet og STL Bergen. 

 

Kystpilegrims-seglas med Sunnivaskrinet frå Selje til Bergen

Frå 28. august til 5. september vert det seglas med historiske farkostar langs Kystpilegrimsleia for å markera at det i år er 850 år sidan flyttinga av St. Sunniva sine levningar frå Selja til Bergen.

Følg ferda på: www.sunnivaseglas.no


Om Sunnivafestivalen

I år er det 950 år sidan Bergen by vart grunnlagd, og 7. september er det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført
frå Selja til Bergen.

I høve desse jubilea har det vakse fram eit nettverk av samarbeidsprosjekt mellom ulike menneske og miljø, oppløfta av framveksten av pilegrimsrørsla,
rørte av og begeistra for legenda om St. Sunniva – kongsdottera frå Irland – neppe fødd, men likevel så levande!

Sunnivafestivalen
BERGEN, 4. - 8. SEPTEMBER 2020
Festivalen vert arrangert i samarbeid med Universitetsmuséet og Mellomalderklynga ved UiB, Den Kgl. Norske ambassade i Irland,
Bergen domkyrkje menighet, Bergen Domkor, Bergen kommune, Stad kommune, Stad regionale pilegrimssenter, Bymuseet i Bergen/
Museum Vest, Bergen regionale pilegrimssenter, kystkultur.no, Bergen kystkultursenter. Sunnivafestivalen er støtta av Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Trondheim kommune, H. Westfal-Larsen og
hustru Anna Westfal-Larsens Allmennyttige fond, Bergen Riksmålsforenings Fond og Bergen kirkelige fellesråd

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"