Tildeling frå OVF og skjema for rapportering

På denne sida finn du oversyn over tilskot frå «Opplysningsvesenets fond (OVF)» i Bjørgvin bispedøme 2021. For årets mottakarar, sjå lenkje nedst i artikkelen.

Bjørgvin bispedømeråd behandla i sitt møte 25. mars 2021 fordelinga av tilskot frå avkastninga til «Opplysningsvesenets fond (OVF)» for 2021. Bjørgvin bispedøme har for 2021 til fordeling totalt kr. 875.000,- i OVF-tilskot. Her er oversynet over dei som fekk innvilga søknad i 2021

Kunngjeringa av midla vart mellom anna gjort kjend i nyhendebrevet «Nytt frå Bjørgvin» i november 2020 som vert sendt til alle kyrkjelydar. Kunngjeringa vart òg gjort kjend på bispedømet si heimeside 5. november 2020

OVF-tilskota har som mål å bidra til å leggje til rette for gode utviklingsprosjekt i kyrkjelydane. Frist for søknad var 1. desember 2020. Det kom inn 41 søknadar om tilskot. Samla totale søknadssum var kr. 1.772.000,-

Det er bispedømerådet som tildeler midlar og i år var prosjekt som rettar seg mot leiartrening for ungdom særleg prioriterte.

Søk kvart år for prosjekt som går over meir enn eitt år
Nye prosjekt kan vare frå eitt til tre år. Prosjekt som alt er igong, vil prioriterast dei påfølgjande åra, men dette føreset at førebels prosjektrapport viser at prosjektet har den planlagte progresjonen og at ein sender ny søknad kvart år.


Rapportering

Midlane skal nyttast slik det kjem fram av søknaden og det er krav om rapportering på korleis midlane vert nytta. Rapporteringsfrist for tilskot 2021 er 1. mars 2022. Fyll ut elektronisk skjema her. Lenke til elektronisk skjema, evt. skjema i word, finn du nedst på sida. 

Om prosjektet ikkje blir gjennomførd slik det står i søknaden, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt.

Avslag på søknad

Bispedømerådet takkar for interessa frå dei som ikkje fekk søknaden innvilga denne gongen. Det er også mogeleg å søke støtte andre stader, sjå lenke nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"