Retreat betyr å trekke seg tilbake. Jesus seier til læresveinane sine : «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» (Mark 6,31). Dei fleste retreata i Bergen finn stad på Søsterhjemmet Bergen diakonissehjem, Ulriksdal 8. Pga smittevern blir det ikkje fysiske retreat i mars.
Les meir om digitalt retreat/meditasjon i 16. og 18. mars
På retreatsamlingane på Søsterhjemmet legg vi til rette for kvile og bøn. Vi trekkjer oss tilbake for ei tid. Retreaten er stille. Måltida er stille, gjerne med musikk. Ein fast rytme med tidebøn og gudsteneste, hjelper oss å falle til ro. Vi får høve til sjølv å bli nærverande hos Han som alltid er nær. Retreaten gir rom for å møte bibeltekstar, åleine og i fellesskap. Retreat er for deg som ønskjer en nærmare relasjon til Gud, og samanheng mellom kvardagsliv og tru. Det er tilbod om samtale og forbøn på dei fleste retreata.
Retreat er noko for deg som ønskjer:
- ein nærmare relasjon til Gud
- impulsar i ditt bøneliv
- samanheng mellom kvardagslivet og trua
Sjå meir på www.retreater.no