Trusopplæring for vaksne

No tilbyr vi «Tid for tru» - ein ressurs som kan nyttast til bibelundervisning i dei lokale kyrkjelydane. Temakurs i kyrkjelydane skaper miljø og fellesskap, og kan vere ein nøkkel for å lukkast med mykje anna. Kursa er laga av tidlegare sokneprest Bjørn K. Nygaard

Undervisning for vaksne i kyrkjelyden
Kursa kan nyttast som dei er, verte tilpassa lokale ønskjer, eller vere ein mal for å lage eigne kurs. Det viktigaste er at ein kjem i gang med noko. Det kan føre til vitalisering av gudstenestefellesskapet og rekruttere til frivillig innsats. Men viktigast av alt er at samfunnet treng menneske med bibelkunnskap og evne til å bruke gode bibelske prinsipp og verdiar i sin kvardag. Vi må lære sjølv for å kunne gi vidare til generasjonane etter oss. Kven skal delta i trusopplæringa av barn og unge i kyrkjelyden, og kva skal dei kunne for å hjelpe til? Opplæringsbehovet i trusopplæringsreforma blir til dømes ikkje dekka av berre tilsetteressursar.

Bakgrunn for kurshefta
Bjørn K. Nygaard har lang erfaring i å utvikle bibelstudiemateriell, og har kombinert skriftlig utvikling av ressursar med aktiv vaksenundervisning i ulike kyrkjelydar. I høve ein visitas i Biskopshavn oppmuntra biskop Halvor Nordhaug Bjørn Nygaard til vidare arbeid med ressursmateriell. Ut frå denne samtalen har vi så langt fått to hefte i serien Tid for tru.

Vi veit det er mange som har eigne idear til kursopplegg eller som har nytta eigenutvikla materiell i undervisning. Ta kontakt med oss om de tenker opplegget dykkar kan vere av interesse for andre.

Den apostoliske trosbekjennelse (2014)
Det første heftet i serien Tid for tro. Hovudtemaet i kurset er ein gjennomgang av Den apostoliske truvedkjenninga. Ressursheftet har i tillegg mykje godt ressursstoff om korleis ein kan arrangere bibelundervisning i kyrkjelyden. Opplegget kan gå over fem kveldar. Først ein introduksjonskveld med fokus på heilskapen, så tre kveldar med kvar sin del av truvedkjenninga, og til sist ein avslutningskveld som tek opp truspraksis; «kva gjer dei kristne når dei trur?».

Heftet har blitt brukt i mange kyrkjelydar i bispedømet, med godt resultat, og har også inspirert til andre tilsvarande kurs. Dagen hadde hovudsak om heftet 24.03.15 med forsideoverskrift: «Starter søndagsskole for voksne». Det var ein opplysande og fin artikkel på to sider der Bjørn Nygaard blei intervjua om temaet trusopplæring for vaksne. Det kom i etterkant ein god del spørsmål frå andre stader i landet om heftet. Og det er grunn for å tru at det har ført til kurs i fleire bispedøme.

Til glede. Bibelarbeid over Filipperbrevet (2018)
Heftet er nummer to i serien Tid for tro. Hovudtemaet i dette kurset er ein gjennomgang av Filipperbrevet. Ressursheftet gir ei innføring i korleis ein kan arrangere undervisningskveldar i tematisk kombinasjon med gudstenester i kyrkjelyden. Opplegget er skissert med ein innleiingskveld, fire kveldar med tema frå kvart sitt kapittel i Filipperbrevet og med tematisk kopling til etterfølgande gudsteneste. Som avslutning er det tenkt ei kveldsgudsteneste med meditasjonsvandring over tekstar frå Filipperbrevet.

Heftet vert introdusert på Fagdagar for prestar i Ulvik (5 - 6. juni 2018) og Fagdagar for trusopplæring (11. - 12. juni 2018).

Serien: Tid for tro. Trosopplæring for voksne
Hefte 1: Den apostoliske trosbekjennelsen, Bjørn Nygaard, 2014
Hefte 2: Til glede. Bibelarbeid over Filipperbrevet, Bjørn Nygaard, 2018

Opplegga er godkjente av www.k-stud.no, og kan søkjast studiestøtte for.

Sjå nedst på nettsida for hefta i PDF-format og presentasjon (PowerPoint).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"