Verdiseglas 2024

Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Med bakgrunn i rettsjubiléa i 2024 er ungdom på nøkkelstadane langs leia inviterte inn i verdisamtalar inspirert av verdiane "Guds fire døtre" og omgrep som makt, likeverd og demokrati.

Foto: Vestland fylkeskommune

Kyrkjekultur Vest har laga ei eiga nettside for Verdiseglasen. Der kan du lese detaljert program for seglasen:
Snarvegknapp til nettside for Verdiseglas

Verdisamtalane, som vert til verdibrev til «Kystpilegrimskista», skal overleverast til Nasjonaljubileet Norge 1000 år og preses i Den norske kyrkje når seglasen kjem til Olavsfest 2024 i Trondheim; ei gåve frå markeringsåret 2024 Verdiar i lovverket.

Seglasen er eit samarbeid mellom dei fire regionale pilegrimssentra Avaldsnes, Bergen, Selje og Smøla, dei fire bispedøma Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros og Kyrkjekultur Vest AS. 

Seglasen skal medverke til å vitalisere og synleggjere Kystpilegrimsleia som ressurs i identitetsutvikling langs Noregs kyst og leggje til rette for varige samarbeidsrelasjonar mellom sokn og samfunn langs leia.

Etappar:
Frå Moster til Bergen og opning Magnus Lagabøte-utstilling 21. mai
Frå Sokndal/Egersund til jubileumshelga Moster 2024 1. juni
Frå Bergen til Gulatinget og vidare til Kinn/Selja til feiring av Seljumannamesse 1000 år  6.- 8. juli,
Frå Selja til Smøla og vidare til Nidaros 27. juli - Nasjonaljubileet Norge 1000 år og Olavsfest

Program for verdiseglasane finn du på nettsidene til Kyrkjekultur Vest AS (lenke nedst på denne sida).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"