Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

– Må bekjempe antisemittisme kvar dag

- Det er ei utfordring og ei oppgåve for kvar einskild, for kyrkja og for samfunnet å aktivt bekjempe antisemittisme og all rasisme, hat og fordommar, understrekar biskop Ingeborg Midttømme i samband med holocaustdagen 27. januar.

Den årlege holocaustdagen er ei påminning for oss alle om kva tragiske konsekvensar det får når hat, fordommar og fanatisme får rå, seier biskopen - som viser til 75-årsmarkeringa for frigjeringa av utryddingsleiren Auschwitz. Frigjeringa frå denne industrielle dødsmaskina i nazistane si «endelege løysing»; mordet på jødane i Europa – blir no markert over heile verda. I Jerusalem var verdsleiarar samla ved Yad Vashem, Israels offisielle minnesmerke for jødar som blei myrda under holocaust, for å markere dette.


– Holocaust var eit samanbrot for sivilisasjonen, og eit enderesultat av den århundregamle antisemittismen i Europa. Vi må erkjenne at det gjennom tidene også har hefta jødefiendtlege trekk ved den kristne kyrkja. Oppgjer med antijødiske og antisemittiske haldninger er ei stadig og varig utfordring for kyrkje og samfunn. Som kyrkje har vi eit kall til alltid å stille oss på forfølgde og utsette si side, og dette må vi snakke frimodig om og vise i praksis, seier biskopen.

UTFORDRING: Oppgjer med antijødiske og antisemittiske haldninger er ei stadig og varig utfordring for kyrkje og samfunn, seier biskop Ingeborg Midttømme.

 

Snublesteinar

Biskop Midttømme løftar fram snublesteinane, som er lagt i fortau over heile Europa ved heimar der deporterte jødar budde, som eit konkret og synleg tiltak for å halde minnet om holocaust levande. – Desse minnesmerka må brukast i det haldningsskapande arbeidet i heim, skule og kyrkje for å auka kunnskapen og medvitet kring dei tragiske hendingane under holocaust, seier biskopen.

Kyrkja og jødane

Ved 70-årsmarkeringa for deportasjonen av norske jødar til konsentrasjonsleiarane kom Bispemøtet i 2012 med ein uttale om kyrkja si ettergivande haldning i behandlinga av jødane før og under okkupasjonen.

I 2016 kom bispemøtet med uttalen «Arven fra Luther og det jødiske folk», der biskopane tar avstand frå Luther sine jødefiendtlige uttalar.

 

Bekjempe rasisme og hat

Dei tragiske hendingane under holocaust er ei oppmoding til oss alle om å stå samla mot rasisme, hat og nedtramping av menneskeverdet, seier biskop Midttømme - som viser til at slike haldningar framleis gjer seg gjeldande.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:
Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider: ma-fre 08.30-15.30

 

Fakturaadresse:
Den norske kyrkja
v/Møre bispedøme
Scanningsentralen,
Rjukan Næringspark

3660 Rjukan

EHF-id./org.nr: 818 066 872

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"