Mange bispedøme har vanskar med å innfri Kyrkjerådet sin frist for innføring av justert ordning for hovudgudstenesta. Koronapandemien som har hindra mange sokneråd i å møte og utsetjing av konfirmasjonar til i haust, er gode grunnar til å ta til orde for utsetjing av den opprinnelege fristen 1. sundag i advent. Når det i tillegg er blitt kjent at notane til den liturgiske musikken ikkje er klar frå forlaget før i midten av november, har endå fleire kyrkjelydar teke til orde for utsetjing.
Bispedømerådet gjorde onsdag 5. september dette vedtaket i sak 58/20:
Møre bispedømeråd utset fristen for innføring av justert ordning for hovudgudstenesta til 1. pinsedag 2021. Bispedømerådet ber likevel om at kyrkjelydane held fram arbeidet med sikte på at orddelen til justert hovudgudsteneste blir vurdert innan opphaveleg frist, og at arbeidet med den liturgiske musikken blir sluttført så raskt som råd er etter at komplett notemateriell ligg føre.
Med dette vedtaket kan kyrkjelydane få pusterommet mange treng for å arbeide grundig vidare med saka. Vedtaket er likevel ikkje eit signal om å leggje saka bort, men utfordrar alle til å arbeide vidare med ny lokal grunnordning. Når ein no får betre tid, kan det vere nyttig å gi saka rom i gudstenesteutval og sokneråd i fleire omgangar før ho blir send til uttale i soknemøte og vidare til vedtak i sokneråd. Dei fleste endringane/justeringane gjeld ordlyd og variantar av godkjente ordningar. Det er ein god ide å arbeide med gudstenesta sin orddel før ein tar stilling til den liturgiske musikken.
Ressursar
For å gjere gode val er det viktig at tilsette og sokneråd gjer seg kjent med dei ulike alternativa og endringane. Ressursbok; Gudsteneste med rettleiingar/Gudstjeneste med veiledninger er sendt til prestane og viser dei ulike alternativa kyrkjelyden skal ta stilling til.
Gudstenestejusteringar er utfordrande. Kantor og prest er gode ressurspersonar, men det er viktig at soknerådet også set seg godt inn i saka og gjer gode og oversiktelege vedtak. I tillegg til ressursboka som er nemnt over, er det utvikla anna mykje godt hjelpestoff. Møre bispedøme viser til vedtaksmalen under og ber om at soknerådet brukar denne eller andre liknande ressursar som grunnlag når saka skal leggjast fram for soknemøtet og kjem til vedtak i sokneråd.
I tillegg til vedtaksmalen finn ein gode ressursar på nettstaden ressursbanken.no Der finn ein webinar og presentasjon av dei ulike alternativa soknerådet skal ta stilling til og ein kan også spele av dei ulike alternativa til den liturgiske musikken.
Vi har også tidlegare vist til ressursmaterialet som Hamar bispedømme har utvikla, og vil framleis vise til desse gode ressursane. Ole Kristian Bonden og Ole Andreas Fevang har laga 3 undervisningsvideoar. Bonden er prost/prest og medlem i kyrkjemøtet og sit i komiteen som handsamar liturgiske spørsmål. Fevang er kantor/organist og har gjennom 12 år vore medlem i «Nemnd for gudstjenesteliv for Dnk».
Videoane kan brukast som gode ressursar når prestar, kantorar og andre tilsette skal gjere seg kjent med den justerte gudstenesteordninga, og videoane kan brukast til undervisning i kyrkjelyden i samband med gjennomføring soknemøte og handsaming i sokneråd.
Video 1/3 Justering av hovudgudstenesta – Bakgrunn og lokal gjennomføring
Video 2/3 Justering av hovudgudstenesta – Liturgiske musikk og boka «Gudsteneste med rettleiingar»
Video 3/3 Justering av hovudgudstenesta – Gudstenesta ledd for ledd
For å gjere seg betre kjent med den liturgiske musikken viser vi til desse lenkene:
Noter til denne serien er samlet i heftet "Med samrøysta lovsong", som er sendt til alle menigheter. Heftet kan også kjøpes på notebutikken.no
Allmenn hovedserie 2 finnes innspilt med band
Spørsmål og svar
Om nokon har spørsmål knytt til innføring av ny grunnordning, så ta kontakt med bispedømekontoret, v/leiar kyrkjefagavd., Arvid Helle, rådgivar kultur og kyrkjemusikk, John Erik Brakstad eller med biskop Ingeborg. Eller ta kontakt med prost eller prest/kantor i eigen kyrkjelyd.