FORANDRE. FOR ANDRE

Fastetida byrjar denne veka. Dei førti kvardagane frå askeonsdag til påskeaftan er ei førebuingstid til den store påskefesten. Det er mange tradisjonar knytt til fastetida. Ein av dei nyare tradisjonane her til lands er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, som sidan 1967 har engasjert kyrkjelydar over heile landet. I år som tidlegare, er fokus for innsamlinga reint vatn til alle.

Champo er glad ho kan henta reint vatn frå brønnen.

Bente Hjertenæs er regionkoordinator for Kirkens Nødhjelp her i Møre. Bente har arbeidd i KN sidan 2005, men fasteaksjonen har engasjert henne heilt sidan ho byrja som kateket i Ørsta for over 30 år sidan. Me har fått møta henne – ikkje på kontoret i Ørsta, men over dataskjermen. Og når me ber henne fortelja om fasteaksjonen, er ho ikkje sein til å svara!

Me spør henne først korleis ho sjølv markerer fastetida. «Då tenner eg lys heime på kjøkenbordet,» fortel ho. «Der har eg sju lys i regnbogefargar, og eg ber regnbogebøna for kvar veke, som regel ved middagsbordet.» Bente gjer også som så mange andre, at ho gjer seg eit fasteforsett, dvs. å seia nei til noko for å seia ja til noko anna, slik at det kjem andre til gode. «Det kan t.d. vera å seia nei til snop, og heller putta pengane eg sparer på fastebøssa. Eller det kan gå på tidsbruken min; å bruka mindre tid på speling på iPaden eller slike ting, slik at eg frigjer tid til å ringe ei venninne som kanskje treng ein prat.»

Reint vatn til alle

Gjennom aksjonen i år besøker me landsbyen Kasalaulo i Zambia. Kirkens Nødhjelp bygde ein brønn der i 2018, og dei positive ringverknadane er store. Den blide femåringen Champo på bildet over, er ei av dei som slepp å drikka det skitne vatnet frå elva.

Reint vatn til alle, det er fokus for innsamlinga, fortel den engasjerte Oslo-dama i Ørsta. Dette er eit tema som me har hatt med oss lenge. Framleis lever meir enn 700 millionar menneske utan tilgang til reint vatn. Kirkens Nødhjelp har spisskompetanse på vatn, sanitær og hygiene. I vår tid, på vår vakt, er dette viktigare enn på lenge, no med korona-pandemien. Då Norge stengde ned, trappa KN opp, fortel Bente. «Me trappa opp arbeidet i 22 land med vatn, sanitær og hygiene. Der har me mange lokalt tilsette som jobbar og står på, og då treng me ein knakande god fasteaksjon!»

Pengane som kjem inn gjennom fasteaksjonen og andre innsamlingar, kallar Bente for «to fisk og fem brød-pengar». Ho tenkjer på den gongen Jesus metta fem tusen i øydemarka med den vesle nista ein gut hadde med seg.   Pengane me gir, formerar seg og velsignar. Dei er eigenkapital når me søker store donorar om pengar. Mange pengesterke givarar krev at KN stiller med ein viss sum i innsamla midlar, og legg då til mange gonger denne summen. Slik blir hundre kroner til minst tusen ute i det konkrete arbeidet.

Ver klare for digital innsamling

Mykje har endra seg med korona-situasjonen, også for regionkoordinatoren i Kirkens Nødhjelp. Ho får nesten ikkje reist rundt og besøkt lokale kyrkjelydar lenger, og det saknar ho. Likevel er ho glad for den store digitale kompetansen som kyrkjelydane har bygd seg opp dette siste året. Ho ber kyrkjelydane gjera seg klare til å ta innsamlinga digitalt i år. Nokre stader vil det kanskje vera mogleg å gjennomføra ein dør-til-dør-aksjon slik me har vore vane med, men uansett blir alle oppfordra til å planlegga digitalt. På aksjonssida til fasteaksjonen ligg det oppskrifter for korleis ein kan laga innsamlingar på Facebook eller Spleis.  I fjor blei årsresultatet for fasteaksjonen berre to tredelar av eit normalår. I tillegg vart det tradisjonsrike juleofferet frå kyrkjelydane også dramatisk redusert i 2020. Men folk i Møre var flinke under fasteaksjonen, og kom i mål som nummer to av innsamla midlar per innbyggar, fortel Bente, som legg til at ho er veldig tilgjengeleg for folk i stabar eller sokneråd, om dei har spørsmål eller ønskjer at ho skal delta på digitale møte.

bente hjertenæs.jpg

Kontakt:  

Bente Hjertenæs, regionkoordinator Kirkens Nødhjelp Møre og Romsdal og Trøndelag

Tlf. 907 03 553,

E-post Bente.Hjertenaes@nca.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"