Kyrkjejubileum er tida for både tilbakeblikk, presentasjon av dagens kyrkjelege aktivitetar, og for eit blikk inn i framtida. Og aller mest er det ei tidspunkt for dei lange linjene, for tradisjon, for samanheng og for tilhøyrsle.
Biskop Ingeborg i Møre er ein engasjert deltakar under kyrkjejubilea. Det er ved sånne høve, samt under visitasar, at ho møter ho den kyrkjelege grasrota.
Kyrkjejubilea er ei lokal hending, og lokale media er flinke til å dekke hendingane:
Nyleg har det vore 150-årsmarkering for Vågstranda kyrkje (artikkel i Vestnesavisa) og 100-årsmarkering for Bjørke kyrkje (sjå avisa Møre). Seinare i haust markerer Vike kyrkje 50 år.
Større og mindre kyrkjejubileum i Møre 2020:
Myrbostad kyrkje (1880) 140 år
Vågstranda kyrkje (1870) 150 år
Sande kyrkje (1880) 140 år
Sykkylven kyrkje (1990) 30 år
Vike kyrkje (1970) 50 år
Hjørundfjord kyrkje (1880) 140 år
Skarbøvik kyrkje (1995) 25 år
Skodje kyrkje (1860) 160 år
Bjørke kyrkje (1920) 100 år
Møre bispedøme er i dag den samlande eininga for kyrkjene i Møre. 18. september var Møre bispedøme 37 år. Bispedømet vart etablert 18. september 1983, då tre prosti på Sunnmøre blei overført frå Bjørgvin og dei to prostia på Nordmøre og dei to i Romsdal frå Nidaros. Før dette var Møre og Romsdal einaste fylket i landet som var delt mellom to bispedøme.
Tre biskopar har gjort teneste i Møre, Ole Nordhaug, Odd Bondevik og Ingeborg Midttømme.
Tre biskopar har gjort teneste i Møre bispedøme (oppretta 1983): Frå v. Ole Nordhaug (biskop 1983-1991), Ingeborg Midttømme (biskop 2008 - ) og Odd Bondevik (biskop 1991-2008)