Kyrkjejubileum viser folkekyrkja

Ni kyrkjer i Møre markerer i år større eller mindre jubileum. Ved kyrkjejubileum kjem det fram kva den lokale kyrkja betyr - og har betydd - for folk gjennom generasjonar.

I haust har det vore kyrkjejubileum for Bjørke kyrkje (100 år) t.v., og Vågstranda kyrkje (150 år) t.h. Fleire andre kyrkjer i Møre har større og mindre jubileum i år. Sjå oversikt i artikkelen!

Kyrkjejubileum er tida for både tilbakeblikk, presentasjon av dagens kyrkjelege aktivitetar, og for eit blikk inn i framtida. Og aller mest er det ei tidspunkt for dei lange linjene, for tradisjon, for samanheng og for tilhøyrsle.  

Biskop Ingeborg i Møre er ein engasjert deltakar under kyrkjejubilea. Det er ved sånne høve, samt under visitasar, at ho møter ho den kyrkjelege grasrota.

Kyrkjejubilea er ei lokal hending, og lokale media er flinke til å dekke hendingane:

Nyleg har det vore 150-årsmarkering for Vågstranda kyrkje (artikkel i Vestnesavisa) og 100-årsmarkering for Bjørke kyrkje (sjå avisa Møre). Seinare i haust markerer Vike kyrkje 50 år.

 

Større og mindre kyrkjejubileum i Møre 2020:

Myrbostad kyrkje
(1880) 140 år
Vågstranda kyrkje (1870) 150 år
Sande kyrkje (1880) 140 år
Sykkylven kyrkje (1990) 30 år
Vike kyrkje (1970) 50 år
Hjørundfjord kyrkje (1880) 140 år
Skarbøvik kyrkje (1995) 25 år
Skodje kyrkje (1860) 160 år
Bjørke kyrkje (1920) 100 år

 

Møre bispedøme er i dag den samlande eininga for kyrkjene i Møre. 18. september var Møre bispedøme 37 år. Bispedømet vart etablert 18. september 1983, då tre prosti på Sunnmøre blei overført frå Bjørgvin og dei to prostia på Nordmøre og dei to i Romsdal frå Nidaros. Før dette var Møre og Romsdal einaste fylket i landet som var delt mellom to bispedøme. 

Tre biskopar har gjort teneste i Møre, Ole Nordhaug, Odd Bondevik og Ingeborg Midttømme.

Tre biskoper2008.JPG

Tre biskopar har gjort teneste i Møre bispedøme (oppretta 1983): Frå v. Ole Nordhaug (biskop 1983-1991), Ingeborg Midttømme (biskop 2008 -  ) og Odd Bondevik (biskop 1991-2008)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"