Haustens kyrkjemusikalske fagdagar blir i vakre Geiranger tysdag 26. og onsdag 27. september. Kyrkjemusikalsk råd har lagt opp til ei samling over to dagar, med overnatting på Union Hotell Geiranger. Samlinga blir delvis saman med prestane i Møre som er samla til konvent. Stikkord for samlinga: Folkemusikk – Gregorianikk – Reformasjon - Salmar– Tidebøner - Konsert i Geiranger kyrkje.
Med oss på samlinga blir m.a.:
Henrik Ødegaard
Komponist, mest kjent for vokal kyrkjemusikk inspirert av gregoriansk song og norsk folkemusikk. I tillegg til større korverk og korarrangemet av folkemusikk har han komponert solostykke, syngespel, kammermusikk, elektroakustisk musikk, orgelverker og oratorier. Ødegaard vil sjå på bibelske salmar frå koralbok bind 3, med eit sideblikk på dei folkemusikk-baserte salmetonane i salmeboka. Han vil også snakke om tidebønn-tradisjonen
Eivind Skeie
Prest forfattar, salmediktar og foredragshaldar.
Hans tema på samlinga er Martin Luther: tida, livet, salmar og gudsteneste. Martin Luther sitt forhold til salmesong heng saman med hans forståing av kyrkjelyd og gudsteneste, Bibel, og undervisning. Skeie vil presentere nokre av Luther sine viktigaste salmar og utfordre oss på vår eigen gudstenesteforståing og salmebruk.
Korleis kan Luther inspirere oss i dag?
Program
Tysdag 26.09.
12.00: Innsjekking Hotell Union Geiranger
13.00: Lunsj
14.00: Eivind Skeie: Martin Luther; -tida-livet -salmar og gudsteneste
16.30: Pause
18.00: Felles middag med prestane
20.00: Konsert i Geiranger kyrkje. Kveldsbøn ved Henrik Ødegaard
Onsdag 27.09.:
09.15 Morgonbøn i Geiranger kyrkje v/ Henrik Ødegaard
09:30 Omvising og orientering om nyorgelet i Geiranger kyrkje v/ kantor Gunnar Inge Eide
10.00 Henrik Ødegaard: Folkemusikk, gregorianikk, tidebønner
12.30 Middagsbøn i Geiranger kyrkje v/Henrik Ødegaard
13.00 Lunsj på hotellet
14.00 Avreise
Meld deg på HER
Absolutt siste frist for påmelding er tysdag 29. august.
Pris for samlinga blir kr 2000,-. Dette inkluderer hotellovernatting i dobbeltrom, med fullpensjon. For overnatting i enkeltrom er det eit tillegg på kr 320.