Og det vart ljos - kurs i bibelforteljing 24. september

Under årets festspel i Kristiansund blir kyrkjelege tilsette og andre interesserte invitert til bibelforteljarkurs med Helga Samset i Nordic Light Fotohus i Kristiansund.

Bibelen rommar fantastiske forteljingar. Meir enn det – Bibelen i seg sjølv er ei stor forteljing. Med enkle teknikkar og lang erfaring i kva som skaper lytting, inviterer forteljar Helga Samset denne dagen til praktisk og matnyttig kurs i formidling av Bibelen sine eigne forteljingar.  Kurset inngår i årets program under Festspillene i Kristiansund.

Helga Samset har vore forteljar på heiltid sidan 1995. Ho mottok Statens kunstnarstipend som første forteljar i Noreg. Ho har reist land og strand rundt med eventyr, bibelsk materiale og eigne historier, er ein ynda vegleiar og har utgjeve tre bøker. Kurset i Kristiansund bygger på innhald i Bibelfortellerboka.

Arrangør for bibelforteljarkurset er Festspillene i Kristiansund i samarbeid med Møre bispedømmeråd. Kurset er gratis.

Stad: Nordic Light Fotohus, Kristiansund

Tidspunkt: Fredag 24. september 2021 – kl 12.00-15.30. Gratis lunsj frå kl 11.00.

Påmelding: Send e-post med påmelding til kine@festspillksu.no innan 12. september

Meir informasjon om programmet under årets Festspillene i Kristiansund finn du HER

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:
Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider: etter avtale

Fakturaadresse:
Den norske kyrkja
v/Møre bispedømeråd
org.nr: 818 066 872
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Meir om fakturering

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

eDialog - sikker e-posttjeneste

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"