Saman som kyrkje i heile verda 2021

I dåpen blir vi ein del av eit fantastisk, mangfaldig fellesskap: Kristi verdsvide kyrkje. Derfor inviterer vi alle kyrkjelydar i Møre bispedøme til å vise dette ved å bli med på aksjonen «Saman som kyrkje i hele verda», som går frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans 2021. Slik kan lokalkyrkja stå saman med søsterkyrkjene våre globalt i møte med utfordringane frå koronapandemien.

Saman som kyrkje i heile verda 2021

I løpet av dei få vekene kampanjen varte i 2020, svarte fleire sokn i bispedømmet vårt på utfordringa om å ta eit ekstra krafttak for å vise solidaritet med dei som har minst og som treng det aller mest.    

Kampanjen i fjor gav gode resultat, med meir enn to millionar kroner på landsbasis. I tillegg kom det inn ein god del direkte til misjonsorganisasjonane. Dette gler vi oss over!

Med aksjonen i år vil vi vidareføre innsatsen inn mot koronasituasjonen, samtidig som vi vil hjelpe kyrkjelyden til å:

  • gjere misjonsavtalen sin synleg på kyrkjelyden sine nettsider
  • nå innsamlingsmålet til misjonsprosjektet

Har ikkje kyrkjelyden misjonsavtale enno, kan dette vere eit høve til å kome i gang.

 Slik blir de med: 

Kyrkjelydane står fritt til å legge opp aksjonen som dei vil, men felles for alle som blir med er følgjande:

  1. Kvart sokn melder seg på via nettsida kirken.no/sammen
  2. Alle gjennomfører minst ei digital innsamling via Facebook og/ eller Vipps (sjå innsamlingsvegleier på kirken.no/sammen )
  3. Send inn ein enkel rapport på innsamla beløp etter aksjonen. Summen blir også tatt med i den vanlege årsrapporten over totalt innsamla beløp på misjonsprosjektet.

Pandemien lever fortsatt og vi må vere merksame på konsekvensane av den. Vi meiner derfor det er viktig og riktig å mobilisere igjen for ein ny kampanje i 2021. 

På hovudsida for aksjonen (sjå lenka over) finn de mykje informasjon, og lenker til dei ulike misjonsorganisasjonane som er med på aksjonen. 

På lenka under finn du Møre bispedøme sin brosjyre:

brosjyre2 Møre aksjon 2021 saman som kyrkje.pdf

Spørsmål kan rettast til

misjonsrådgjevar Geir Sakseid

Tlf: 91 32 55 68

E-post: gs733@kyrkja.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"