Tilsett som ny kantor i Tingvoll og Straumsnes kyrkjer

Moldensaren Vegard By gler seg til samarbeidet med kollegiet, og ser fram til å få kyrkjekoret etablert på fast basis.

Vegard By (lengst til høgre) saman med (frå høgre): tidlegare domkantorar i Molde Knut Aambø og Leif Olav Sundsbø, og tidlegare kantor i Tingvoll, Tor Strand. Bilete: Privat

Jakta etter ny kyrkjemusikar i Tingvoll og Straumsnes kan endeleg avlysast. Etter år på leit, har dei funne sin kantor.

- Eg har følgt litt med og haldt meg oppdatert på ledige kyrkjemusikarstillingar, for eg har kjend på eit sakn til kyrkjemusikken. Når sjansen dukka opp i Tingvoll søkte eg, og i heile den prosessen, og på intervju, fekk eg eit veldig godt inntrykk av alle på kyrkjekontoret. Det var viktig for meg. Så har eg og familie i Molde, og har tenkt meir og meir på å vende tilbake.

- Eg har faktisk ikkje vore i kyrkja her i Tingvoll før, men eg kjenner til den rike kyrkjemusikkhistoria som sit i veggane, seier By.

Sundag 14. august var dermed ein stor dag i Tingvoll kyrkje, med innsetjinga av Toril Stendahl som ny sokneprest for Tingvoll og Straumsnes, og Vegard By som ny kantor.

Frå venstre: prestevikar Odd Erik Stendahl, biskop Ingeborg Midttømme, sokneprest Toril Stendahl og kantor Vegard By. Bilete: Matthias Koesling

At det skulle tilsetjast ny sokneprest var ein viktig faktor for By.

- Det var veldig viktig for mitt val. Utan ein fast tilsett sokneprest kan jobben verte meir utfordrande. Difor passa det perfekt at det vart tilsett ny prest samstundes som ny kantor, legg han til.

By er altså opphaveleg frå Molde, og er utdanna kantor ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Han har og vidareutdanning i kyrkjeleg barnekorleiing. Etter ein del år som kantor i Sandnessjøen og Kirkenes, tok han utdanning hos Avinor og har sidan 2011 jobba som AFIS-fullmektig i Brønnøysund, samstundes som han har hatt enkelte organistoppdrag, konsertoppdrag, leia kor og sjølv vore korsongar.

By har trådd sine barnesko i Domkyrkja i Molde, og han var mellom anna songar i Schola Cantorum, som i sin tid vart starta av Knut Aambø (dåverande domkantor i Molde).

- Det var nok på denne tida interessa for salmesong, orgel og kyrkjemusikk vart vekt. Så det er veldig gledeleg at eg no får vende tilbake til nærområdet som kantor. Det blir fint å samarbeide med alle på kyrkjekontoret, og eg ser fram til å etablere kyrkjekoret på fast basis i løpet av dei komande vekene. Som friluftsmann ser eg også fram til å bli kjend med den flotte naturen her, seier kantoren.

Det er utfordrande med rekruttering til kyrkjemusikarstillingar i Møre bispedømme, og det har dei også erfart på Tingvoll. Den siste organisten i fast stilling var Henny Marit Turøy som pensjonerte seg for to år sidan.

Tor Strand, mangeårig kantor som gjekk av med pensjon i 2012, har stilt opp gong på gong medan fellesrådet har vore på søking etter fast kyrkjemusikar i staben. Gleda er difor stor no når det endeleg er blitt tilsett ny kantor i kyrkjene på Tingvoll.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"