Oppdatert program stiftsdagar i Geiranger 14. - 16. september 2021
Deltakarliste - stiftsdagar i Geiranger
Morgonbøn onsdag 15. september
Salmar til stiftsdagar Geiranger
Alternative turar under stiftsdagane - september 2021
Tema for årets samling er Kyrkje på nye måtar, konkretisert gjennom undertema «organisasjon, kommunikasjon og praksis» Gjennom ulike innsteg vil vi setje fokus og har mykje på hjarte.
Mellom innleiarane er Ingrid Vad Nilsen, Henrik Syse, Torill Standal Eliassen og Knut Tveitereid. Mellom innslaga er «Maria og organisten» gospelkonsert med Maria Holand Tøsse og Leif Ingvald Skaug.
Stiftsdagane er storsamlinga for alle kyrkjeleg tilsette i Møre Bispedømme. Då mønstrar vi! Biskopen stiller med «sine» og kyrkjeverjene tar med seg stabane til samtalar og fellesskap. Denne gongen treng vi det særleg! Vi gler oss! Til å sjå kvarandre og til å dele tid, tanke, tru og måltid. Det blir kjekt!
Smittevern
Alle som kjem til stiftsdagane lyt sjølv ta ansvar for eiga helse. Føler du at du treng å teste deg før du kjem, så oppmodar vi deg til det! Kjenner du deg sjuk eller har symptom, så er regelen som elles i samfunnet i denne tida at du bør halde deg heime.
Vi praktiserer 1-meters-regelen under stiftsdagane. Det vil seie at alle blir innkvartert på einerom, som ikkje høyrer naturleg til kvarandre i same kohort. Vi praktiserer 1-meters-reglen i restaurant og i møtesalar. Føler du at avstanden blir under 1 meter, utstyr deg med munnbind. Ta med deg dei du treng, i tillegg vil vi ha nokre tilgjengelege under arrangementet.
Vi gler oss stort over å kome saman, og skulle så gjerne sitje tett med kvarandre. Vi lyt berre halde ut litt til! Og heller nyte synet av kvarandre og dele gleda over å lytte og samtale med kvarandre!
Velkommen til trygge stiftsdagar!