Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kultur

Kyrkja har alltid vore ein sentral kulturaktør; som oppdragsgjevar for bildande kunstnarar, som arbeidsgjevar for musikarar og som ein stad der kunst er ein integrert del av det som blir formidla.

I dag er kyrkjene blant dei viktigaste kulturarenaene i landet, og mykje brukt som konsertstader i bygder og byar. Med kulturmeldinga  « Kunsten å være kirke» og etableringa av kulturrådgjevarstillingane, er kunst og kultur blitt eit fokusområde for Den Norske Kyrkje.

I Møre bispedøme er det mykje flott kulturarbeid i som skjer kyrkjene. Møre har ein egen kulturrådgjevarstilling som skal inspirere til auka kulturarbeid i kyrkjene i bispedømet, og fungere som eit mellomledd mellom kunstnarar, kunst- og kulturinstitusjonar og kyrkja.

Er du tilsett eller soknerådsmedlem, kunstnar og/eller artist, og har spørsmål om kunst- og kulturarbeid i kyrkja/kyrkjelyden, kan du ta kontakt med kulturrådgjevar John Erik Brakstad.

Til dømes om de:
- Ønskjer å lage et kulturarrangement, og treng råd om finansiering
- Treng tips til kunstnarar/fagfolk eller arrangement som kan passe dykkar kyrkje/ kyrkjelyd.
- Treng fagkompetanse til spørsmål rundt kunst- og kulturtiltak i kyrkjelyden.

Kulturarrangørar og kunstnarar er også hjertelig velkomne til å spørje kulturrådgjevaren til råds om kunst, kultur og kyrkje!

Kulturrådgjevaren kjenner godt til mange spennande kunst og kulturprosjekt i kyrkjene i Møre bispedøme, og har svært god kontakt med fleire festivalar og utstillingsarenaer m.m.

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes