Meir himmel på jorda!

Kyrkja i Møre vil vitne i ord og gjerning om frelse, fridom og håp i Jesus Kristus ved å vere: vedkjennande – open – tenande – misjonerande.

 

Dette vil vi arbeide for å oppnå gjennom særleg innsats innan desse områda:

 

Gudsteneste
Møte den treeinige Gud i forkynning, dåp og nattverd. Tene Gud i bøn og vedkjenning, tilbeding og lovsong. Utvikle kristen tru og identitet gjennom ein open, deltakande og inkluderande fellesskap.

 

Kyrkjemusikk og kultur
Sanse og erfare Guds nærvær gjennom eit mangfald av språk og uttrykk. Gje rom for det skapande menneske. Forvalte og fornye salmeskatten og trus og kulturarven.

 

Misjon
Invitere til å følgje Jesus Kristus. Utruste kristne til å ta del i Jesu kall og oppdrag, lokalt og globalt. Erfare at vi er del av den verdsvide kyrkja - med eit felles oppdrag.

 

Diakoni
Be og vise omsorg for nesten. Skape møteplassar med låg terskel til fellesskap og sjelesorg. Verne om skaparverket og kjempe for rettferd og menneskeverd.

 

Undervisning
Gjere trua på den treeinige Gud kjent og erfart. Invitere til dåp og gje planmessig trusopplæring for alle døypte 0-18 år. Utruste barn, unge og vaksne til å leve som kristne

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes